For å få gratisplass på Bjerknessenteret for klimaforsking sin seglas mot Arendalsveka svarte klimaengasjerte ungdommar på korleis Noreg skal verte eit nullutsleppssamfunn. Denne teksten sikra Vebjørn Svartveit Larsen (18) plass.
Vebjørn Svartveit Larsen (18)
Vebjørn Svartveit Larsen (18)

Hausten 2018 la Energy Transitions Comission (ETC) fram rapporten «Mission Possible» der dei legg fram prov for at det skal vere mogleg å gjere Noreg utsleppsfri innan 2050. 

Det største problemet med å gjere Noreg utsleppsfri ligg i dei industriane som avheng av petroleum. Dette er tungindustri og tungtransport. Desse to utgjer til saman 30 prosent av utsleppet.

Å gjere desse sektorane utsleppsfrie krev tiltak i tre retningar: energieffektivitet, forbruk og dekarbonisering. 

I Noreg er transport ein stor del av utsleppet, då me bur spreidd og lite vert produsert lokalt. Difor burde me satse på direkte og indirekte elektrifisering av transportindustrien, og effektiv og fornybar energiproduksjon for å forsyne elektrifiseringa.  

Elektrifisering og karbonfangst må settast i verk i tungindustrien. 

Ein sirkulær økonomi kan redusere utslippet frå tungindustri med 65 prosent i utvikla land, ifølgje ETC. 

Det viktigaste folket kan gjera for å oppnå nullutslepp er å stille sterke krav til politikarar og andre leiarar om utvikling av utsleppsfrie produksjonsmetodar, elektrifisering og forbrukskutt.

elbil
Ordførar Per Olav Tyldum (t.h.) saman med Jens Himo Vold (t.v.) og Trond Andre Geving (midten). Foto: Overhalla kommune
Oppdatert: sundag 8. september 2019 13.29
ANNONSE