Går pressa igjen i Trump-fella?

Sven Egil Omdal, NDLA
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mediekommentaren stod først publisert hjå NDLA, og er sett om til nynorsk av Framtida.no.

Då dei norske partia i vinter la planar for valkampen, var det neppe nokon som såg føre seg at dei for det meste måtte snakke om bompengar og om bikkjeslagsmålet mellom to av partia i regjeringa.

Den som skal finne ut kven som best kan styre den nye Sunnfjord kommune, treng ikkje detaljkunnskap om kor mykje det kostar å køyre ein unge til barnehage i Groruddalen. For maktbalansen på Utsira betyr det lite om menneska som vert heisa opp frå søkkeferdige gummibåtar i Middelhavet, er immigrantar eller flyktningar. Likevel vart den offentlege debatten fram mot valdagen dominert av bompengelister og Framstegpartiets lett paniske standardøving: Åtvaringar mot dei framande som kjem og tek lukka, pengane og tryggleiken vår.

Media sin fascinasjon for det mest kontroversielle skapte feilaktig inntrykk av det reelle innhaldet i valet. Vi gjekk i Trump-fella.

Vi gjekk i Trump-fella.

Denne fella smekka igjen for første gong i 2016. Krigen i Afghanistan var i ferd med å verte den lengste USA nokon gong hadde ført. Økonomien var enno ikkje heilt restituert etter finanskrisa i 2008. I Paris hadde verdas leiarar klart å samle seg om ei avtale som skulle hindre klimakatastrofe. Etter for mange år og harde forhandlingar, hadde Iran gått med på å avslutte arbeidet med å utvikle atomvåpen.

USA og verda trong ein klok og strategisk dyktig president. Det er slett ikkje sikkert at Hillary Clinton var det beste svaret, men det er ikkje mange som meiner at Donald Trump var det. Når han likevel vart vald, skuldast det delvis at pressa i eit forsøk på å vere balansert, tippa heilt over.

Hillary Clinton fekk nesten tre millionar fleire stemmer enn Donald Trump, då han vart vald til president i 2016. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

The Washington Post 7. oktober 2016 – berre ein månad før valdagen – publiserte eit lydopptak der Trump fortalde korleis han tvangskyssa kvinner og skrytte av at han hadde rett til å grafse kvinner i skrittet («grab them by the pussy») fordi han var berømt, trudde dei fleste observatørar, leiinga i det republikanske partiet og etter alt å dømme Trump sjølv, at han hadde tapt. Det gjorde han som kjent ikkje. Så kva var det som skjedde?

Då professor Thomas E. Patterson ved Harvard University studerte mediedekninga av presidentvalkampen i 2016, fann han noko oppsiktsvekkande. Avsløringa av at Clinton medan ho var utanriksminister tidvis hadde nytta ein privat server til å sende og motta e-post i embets medfør, fekk fire gongar så mykje merksemd som avsløringane av Trump si trakassering av kvinner.

Media skreiv ikkje at det er like gale å bruke privat server som å trakassere kvinner, men dei skapte eit inntrykk av at begge kandidatane hadde store manglar. «Om alt og alle vert framstilt negativt, oppstår ein utjamnande effekt som opnar døra for sjarlatanar,» skriv Patterson i ein rapport om valkampen i 2016.

Clinton sine småsynder overskugga Trump sine himmelropande feil og manglar.

Spaltisten «Lexington» i The Economist er ikkje åleine om å tolke merksemda om e-postserveren som eit perverst utslag av amerikanske journalistar si frykt for å verte oppfatta som partiske. Kravet om lik handsaming av to ekstremt ulike kandidatar førte til at Clinton sine småsynder overskugga Trump sine himmelropande feil og manglar.

Trass i at han fekk færrast stemmer nasjonalt, vann Trump valet fordi han sikra eit ørlite fleirtal i tre vippestatar. Inntrykket media skapte av at e-postserveren var ei stor skandale, trong altså ikkje å ha fått mange potensielle Clinton-veljarar til å sitje heime, for å ha hatt katastrofale konsekvensar for sitasjonen i Midtausten, kampen mot klimaendringane, økonomien til USA og liva til millionar av farga innvandrarar.

Economist-skribenten er redd for at historia er i ferd med å gjenta seg. No er det Joe Biden sine uheldige formuleringar og omtrentlegheiter som vert like viktig for pressa som Trump sitt kjenslebaserte og totalt uføreseielege twitterstyre.

Pressa kan kome til å lokke folk i Trump-fella for andre gong.

 

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no