Rouba Mhaissen (31) får Raftoprisen
Syrisk-libanesiske Rouba Mhaissen får Raftoprisen 2019. Ho får prisen for hennes forsvar av menneskerettar til folk på flukt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dr. Rouba Mhaissen (31) er ein syrisk-libanesisk økonom, forskar og aktivist som arbeider for menneskerettar på fleire nivå.
Torsdag vart det klart at det er Rouba Mhaissen som er årets vinnar av Raftoprisen. Ho er leiar av Sawa for Development and Aid (SDAID) og får prisen for hennes forsvar av menneskerettar til folk på flukt.
– Rouba Mhaissen har gjennom sitt grasrotarbeid i Libanon bidrege til å betra syriske flyktningar sin kvardag ved å ta vare på verdigheita deira og retten til sjølvbestemming, skriv Raftostiftinga i ei pressemelding.
Dei skriv vidare at Mhaissen både nasjonalt og internasjonalt har teke til orde mot eit aukande press for tvangsretur av syriske flyktingar.
– Ho insisterer på at alle menneske, ikkje berre dei med ein statsborgarskap, har krav på menneskerettsleg vern og høve til å skapa sine eigne liv.
- Les også: Bistandsorganisasjonane om ny regjeringsplattform: – Bra for menneskerettar, dårleg for klima
Grunnleggar av hjelpeorganisasjon
Mhaissen er grunnleggar og leiar av sivilsamfunnsorganisasjonen Sawa for Development and Aid (Sawa). Organisasjonen arbeider med å forbetra livssituasjonen til syriske flykningar i Libanon, med eit særleg fokus på barn og kvinner.
Sawa driv ei rekke prosjekt av og for flykningar, og tilbyr rådgiving, helsetenester og alternativ grunnskuleutdanning. Mhaissen legg vekt på å behandla menneske på flukt med verdigheit og garantera dei retten til å forma sine eigne liv og skjebnar:
– Snakk til oss, ikke snakk om oss og ikke tal på våre vegne, sa Rouba Mhaissen under ein konferanse i London 2015.
Prisvinnaren ledar Sawa sitt arbeid med å dokumentera flyktningar sine erfaringar og levekår, med eit særleg fokus på syrarar som blir tvangsreturnert. Dokumentasjonsarbeidet er svært viktig for å kunne påvirka politiske prosessar og sikra kunnskapsbaserte agjersler både i Libanon, Syria og i internasjonale fora.
Les også om prisvinnar av Raftoprisen i 2016: Raftoprisen til irakisk menneskerettsforkjempar
Oppmodar til å ta felles ansvar
– Med Raftoprisen 2019 ynskjer Raftostiftelsen å løfta fram Rouba Mhaissen og Sawa sitt arbeid for å fremja menneskerettane til folk på flukt og deira rett til å bli inkludert i diskusjonar om si eiga framtid, skriv dei i ei pressemelding.
Dei meiner at Mhaissen si stemme både lokalt, nasjonalt og internasjonalt er eit viktig bidrag for å forstå korleis menneske på flukt blir marginalisert og vert nekta grunnleggande menneskerettar.
Raftostiftelsen ynskjer med denne tildelinga å løfta fram at alle, ikkje berre personar med ein statsborgarskap, skal vera sikra rettsleg vern og grunnleggande menneskerettar.
– Me ber alle statar, internasjonale organ og frivillige organisasjonar om å ta eit felles ansvar for å yta humanitær hjelp i akutte og langvarige krisar. Velståande og demokratiske stater har eit særleg ansvar for å ta vare på menneske på flukt, skriv dei.
Dei oppmodar også Libanon til å ratifisera Flyktningkonvensjonen frå 1951, og oppfylla sine forpliktingar til dei ulike menneskerettsskonvensjonan
Her kan du lesa heile grunngjevinga.
Raftoprisen vil bli delt ut søndag 3. november kl 18.00 på Den nationale scene i Bergen, og prisvinnaren vil motta ein diplom og 20 000 dollar.
Les også om: Psykologistudentane Svanhild Amdal Telnes og Snit Hagosa Ghebriel reiste til Libanon på feltarbeid for å besøke ungdom i flyktningleirar. – Vi treng kunnskap for å hjelpe flyktningar
Raftoprisen
- Vart stifta i 1986 for å minnast Thorolf Rafto.
- Har sidan 1987 har blitt utdelt av Raftostiftelsen i Bergen til ein person eller organisasjon «som arbeider for å fremje menneskerettane»
- Raftoprisen vil bli delt ut søndag 3. november kl 18.00 på Den nationale scene i Bergen.
Kjelde:
Store norske leksikon