Raftoprisen 2016 blir tildelt den irakiske kvinnerettsforkjemparen Yanar Mohammed.

NPK-NTB
NPK-NTB

Som leiar av Organisasjonen for kvinners fridom i Irak (OWFI) har Mohammed også gått i bresjen for minoritetsgrupper i det krigsherja heimlandet.

Den allereie alarmerande situasjonen i Irak er blitt forverra etter framveksten av ekstremistgruppa IS. Ifølgje FN er minst 18.802 sivile drepne, 36.245 såra og 2 millionar internt fordrivne i perioden 1. januar 2014 til 31. oktober 2015.

Raftoprisen blir delt ut søndag 20. november i Grieghallen i Bergen. (©NPK)

LES OGSÅ: Rafto-stiftinga kasta ut av Vest-Sahara

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE