Botswana fjernar forbod mot homoseksualitet
Botswansk høgsterett bestemte tysdag å avkriminalisera homoseksualitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Éin månad etter at Kenyas høgsterett valde å halde oppe lovene i landet om forbod mot homoseksualitet, har no høgsteretten i Botswana vald å fjerna paragrafane i den botswanske straffelova, som «forbyr kjødeleg omgang mot naturens orden».
Botswanas høgsterett fann at den gamle lovteksten var i strid med grunnlova i landet, melder AP.
Botswana er det andre landet i Afrika som avkriminaliserer homoseksualitet hittil i år. Det andre landet er Angola. Ved brot på den gamle lova i Botswana kunne ein bli straff med opptil sju års fengsel.
Av dei 54 landa i Afrika har minst 32 av dei lover som gjer det ulovleg å ha likekjønna sex, ifølgje den verdsomspennande organisasjonen for homofile, biseksuelle, tranpersonar og interseksuelle rettar (ILGA), ifølgje NTB.
LES OGSÅ: Amerikanske ambassadar får ikkje reisa regnbogeflagget