Oslo og Finnmark på valdstoppen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I snitt for heile landet var det 6,9 melde valdshendingar per 1.000 innbyggarar i året i perioden 2017–2018.

Det høgaste talet på valdshendingar pr. fylke hadde Oslo med 11 valdshendingar per 1.000 innbyggarar.

Deretter kom Finnmark med 9,6 valdshendingar per 1.000 innbyggarar, Telemark med 8,2 og Vest-Agder med 8,1.

Høge tal i byane

Berre kommunar med fem eller fleire valdsmeldingar per år, får statistikk. Heile databasen finst hos Folkehelseinstituttet.

Høgast tal pr. kommune, finn ein i Fet i Akershus, der tala er 16,1 valdshendingar per 1.000 innbyggar, og Porsanger i Finnmark hakk i hel med 15,1.

Fleire av dei større byane hamnar relativt høgt oppe på lista over talet på valdsmeldingar. Oslo hadde som nemnt 11 hendingar per 1.000 innbyggarar, medan talet er 7,9 for Bergen, 7,6 for Stavanger og 6,4 for Trondheim.

Sogn og Fjordane og Oppland kjem best ut

Medrekna i statistikken er nesten alle typar valds- og mishandlingshendingar, frå verbale truslar til alvorleg fysisk valdskriminalitet. Statistikken omfattar likevel ikkje seksuelle overgrep.

Lågast førekomst av valdsmeldingar per fylke, finn ein i Sogn og Fjordane og Oppland med 4,5 valdshendingar per 1.000 innbyggarar, Møre og Romsdal med 5,2 og Trøndelag med 5,4.

Talgrunnlaget i basen stammar frå SSB og har i så måte vore kjent tidlegare. Forskjellen er at tala no er systematiserte i den same databasen som kommunane brukar til å sjå på alle typar folkehelsestatistikk.

Forskar ved Folkehelseinstituttet, Kim Steine-Larsen kallar vald og mishandling eit folkehelseproblem. Foto: FHI

– Alvorleg folkehelseproblem

Forskar Kim Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttets avdeling for psykisk helse og sjølvmord har denne forklaringa på kvifor dei tar valdshendingar inn i databasen sin:

– Vald og mishandling er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Konsekvensane av å bli utsett for vald omfattar mellom anna ulike fysiske skadar, dødsfall og psykiske lidingar som angst, depresjon og posttraumatisk stressliding. Vald aukar òg risikoen for fall i skuleprestasjon og fråfall frå utdanningsløp og arbeidsliv, seier han.

Les også om: 18 år gamle Henning Rasmussen brukte skrivinga for å bearbeide depresjon og overgrep. – Det er eit problem at me ikkje snakkar om at menn blir valdtekne.

Henning Rasmussen (18) frå Klepp går tredjeklasse på Stavanger katedralskole og er aktuell med diktsamlinga «Du skal bli elsket lenge» på Publica forlag. Pressefoto