Barn som har lært om vald, fortel lettare om eigne opplevingar

Barn som har fått undervisning om vald og overgrep, forstår betre at dette er feil og har lettare for å fortelje om opplevde overgrep, viser ei ny kartlegging.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehelseinstituttet har gjennomgått 65 studiar som har undersøkt effekten av ulike informasjonstiltak og undervisningsopplegg retta mot barn.

– I studiane har ein funne at informasjon og undervisning gir barn og unge ei betre forståing av at vald og overgrep ikkje er greitt. Dette er eit viktig funn, fordi vi veit at ein del barn og unge ikkje er klare over at det dei opplever, er feil, seier forskar Nora Blaasvær i Folkehelseinstituttet.

Nokre av studiane viste at barn og unge som hadde fått informasjon om vald og overgrep, i større grad opna seg og fortalde om overgrep som dei hadde opplevd.

Ingen av desse studiane har funne at informasjonstiltaka overfor barn hadde negativ effekt på haldningane til dei unge, åtferd eller opplevde overgrep.

Les også: Denne NRK-serien skal lære barn om overgrep