Valdtekter over internett blir stadig melde oftare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten, som heiter «Voldtektssituasjonen i Norge 2018», er omtalt av Dagbladet.

Offera for nettovergrep er nesten berre barn under 14 år, og mange av dei valdtektsmelde var mellom 15 og 25 år på gjerningstidspunktet. 350 av dei politimelde var under 18 år.

– Vi ser med bekymring på den store delen unge gjerningspersonar melde for valdtekt. Dette heng saman med at det å gjere seg skuldig i sitt første seksuallovbrot i ung alder aukar risikoen for nye overgrep, seier Emil Kofoed, leiar for Seksjon for seksuallovbrot i Kripos, til Dagbladet.

Politiet ser òg ein auke i talet på valdtektsmeldingar der offeret og familien ikkje har kjennskap til gjerningspersonen. Dette blir sett i samanheng med at så mange av overgrepa skjer over internett.

Unge gutar er sårbare

Talet på mannlege fornærma har auka med heile 76 prosent. Politiet seier unge gutar gjerne er sårbare for personar som gir seg ut for å vere nokon andre, og at dei blir lurte og blir trua til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv på kamera.

I tillegg rammar gjerningspersonane som går etter gutar, langt fleire enn dei som berre gjer overgrep mot jenter, ifølgje rapporten.

Det vart i 2018 meldt totalt 2.263 valdtekter til politiet, av dei var 1.687 valdtekter av personar over 14 år.

Henning Rasmussen (18) frå Klepp går tredjeklasse på Stavanger katedralskole og er aktuell med diktsamlinga «Du skal bli elsket lenge» på Publica forlag. Pressefoto