Operasjon spiderweb skal avdekke seksuelle overgrep mot barn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har arbeidd med seksuelle overgrep mot barn i lengre tid, men ser no at sakene er såpass omfangsrike og alvorlege at vi bestemte at satsinga måtte aukast, seier politiadvokat og påtaleansvarleg Thale Thomseth i Sørvest politidistrikt.

Operasjon Spiderweb, som vart lansert onsdag, skal stoppe overgrep og etterforske personar som chattar, deler overgrepmateriale og står bak overgrep mot barn over nett. Samtidig har gruppa som mål om å utvikle effektive og målretta etterforskingsmetodar.

Les også: Store mørketal blant gutar som får bilde spreidd på nett

Ny programvare

I samband med dette har politidistriktet utvikla ei heilt ny programvare som skal forenkle etterforskinga til gruppa.

– Programvara vil gjere det meir effektivt for oss å gå gjennom chatteloggar med opptil 100.000 linjer som vi har funne i beslag. Tidlegare har gjennomgangen vorte utført manuelt, no vil den skje maskinelt, seier politioverbetjent Oddgeir Høyekvam i Sørvest politidistrikt til NTB.

Les også: Facebook og Google manipulerer til å dele personleg informasjon

Bruker erfaringar frå Operasjon Dark Room

Gruppa har allereie hausta erfaringar frå Operasjon Dark Room og tilsvarande grupper som arbeider med seksuelle overgrep mot barn. På sikt vil Kripos og alle operasjonar også få tilgang på den nyutvikla programvara.

– Dette er kriminalitet som går ut over kommune- og landegrenser. Vi kan ikkje sitje på kvar vår tue, men må heile tida dra vekslar på erfaringane frå kvarandre, seier Thomseth.

Operasjon Spiderweb har henta kompetanse frå ulike fagfelt og består av blant andre påtaleansvarleg jurist, etterforskarar frå heile distriktet, kriminalteknikarar, datakrimteknikarar og programutviklarar. Politiet vil ikkje oppgi kor mange som arbeider i gruppa.

Les også: Tre av fire unge har delt nakenbilde av seg sjølv