Ny handlingsplan mot antisemittisme neste år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsråden besøkte Det Mosaiske Trossamfunn (DMT) i Oslo onsdag, og tok opp at antisemittisme stadig er eit problem i Noreg, ifølgje Vårt Land. Då er det nødvendig med ein ny plan som kan erstatte den noverande handlingsplanen frå 2016, ifølgje Mæland.

Forstandar i DMT og nestleiar i Antirasistisk Senter, Ervin Kohn, tok opp at særleg muslimar har antisemittiske haldningar

Ei haldningsundersøking frå Holocaustsenteret (HL-senteret) i 2017 viste at 8,3 prosent av befolkninga hadde utprega fordommar mot jødar, medan delen blant muslimar var på 28,9 prosent.

Fordommar mot jødar og muslimar

Etter moskéangrepet i Bærum byrja regjeringa å jobbe med handlingsplan mot muslimhets, noko Kohn understrekar at han er ein forkjempar for.

Undersøkinga frå HL-senteret viste at heile 34,1 prosent av befolkninga har utprega fordommar mot muslimar, medan delen blant jødar i Noreg som har fordommar mot muslimar, var 10 prosent.

– Vi har jødehat blant muslimar, og muslimhat blant nordmenn. Vi har ei gjensidig interesse av å prøve å gjere noko med dette, seier Mæland.

– Eg vert redd fordi det har skjedd før og det kan skje igjen, seier Stopp hatprat-ambassadør Helene Malting Gammelsrød (16).