Regjeringa vil lage ein eigen handlingsplan mot muslimhat
Ein eigen nasjonal handlingsplan skal bidra til å førebyggje og hindre diskriminering og hat mot muslimar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa har diskutert om tiltaka skal vere del av ein breiare handlingsplan om rasisme og diskriminering, som skal leggjast fram i haust. Men kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) har ivra for å få ein eigen plan mot muslimhat.
- Les også meiningsinnlegget: Den farlege rasismen
Trygge på gata og i moskeen
Spørsmålet kom høgt på dagsordenen etter moskéangrepet i Bærum nyleg.
– Det trengst meir kraftfulle tiltak mot muslimfientlegheit. Vi må sørgje for at folk føler seg trygge på gata og trygge i moskeen. Derfor er eg glad for å legge fram ein handlingsplan mot diskriminering og hets av muslimar, seier Grande.
Regjeringa vil involvere frivillige, lag og foreiningar i arbeidet med planen, opplyser Kulturdepartementet i ei pressemelding.
For tre år sidan la regjeringa òg fram ein eigen handlingsplan mot antisemittisme.
Les også Camilla Ahamath sitt innlegg om 17.mai: – Ikkje ver taus i morgon viss du ser eller opplever at nokon blir sjikanert