Europeiske jødar meiner antisemittismen aukar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EUs byrå for grunnleggjande rettar har gjennomført ei online-undersøking blant 16.400 jødar i Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Italia, Nederland, Polen, Storbritannia, Sveits, Sverige og Austerrike.

Òg i Noreg har unge jødar opplevd hatprat. Stopp hatprat-ambassadør Helene Malting Gammelsrød (16) vert skremt når ho høyrer utsegn som: «Hitler fullførte aldri jobben sin!»

Éin av fire fortel om trakassering

Ni av ti spurde meiner at det har vorte meir antisemittisme dei siste fem åra, og meir enn kvar fjerde seier at dei minst éin gong har vorte trakasserte det siste året.

Drygt éin av ti seier at dei føler seg diskriminerte i samband med jobb, skule, bustad eller helsetenester, og fire av ti seier at dei fryktar å bli angripne fysisk fordi dei er jødar.

Berre 3 prosent oppgir derimot å ha vorte utsette for hatkriminalitet dei siste fem åra.

Les innlegget frå Ester (15), som meiner alle burde besøka ein konsentrasjonsleir

CNN-undersøking

Ei stor undersøking CNN utførte i sju europeiske land tidlegare i år, avdekte også utbreidd antisemittisme.

Meir enn kvar fjerde spurde i CNN-undersøkinga meiner jødar har for stor innverknad innan næringsliv og finans, nesten kvar fjerde meiner at jødar har for mykje innverknad i krigar og konfliktar, mens kvar femte meiner at jødar har for stor innverknad innan media og politikk.

Les også: Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar

Israel-relatert

28 prosent av dei CNN har snakka med, meiner samtidig at antisemittismen i Europa er eit resultat av Israels behandling av palestinarane, og ein nesten like stor del meiner at Israel og støttespelarane i landet møter kritikk med skuldingar om antisemittisme.

Éin av ti i CNN-undersøkinga medgir at dei har negative haldningar til jødar, mens delen som seier det same om muslimar, er nesten fire gonger så høg, 37 prosent.

Les intervju med jødiske Ida Miriam (19): – Går ikkje rundt og kringkastar at eg er jøde

I familien til Ida Miriam nyttar dei jiddiske uttrykk med kvarandre innimellom. Foto: Astrid Underlid