MDG inviterer fagrørsla til samtalar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Klassekampen jobbar sentralstyret i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) med ein plan for tettare samarbeid med fagrørsla. Nasjonal talsperson Une Bastholm (MDG) stadfestar at invitasjonar til samtalar med fagrørsla vil komme.

– Formålet er å forstå korleis vi kan bidra til ein debatt og politikkutvikling for vår del som svarer på bekymringane fagrørsla har, seier Bastholm.

MDG ønsker ein dialog om korleis omstillinga i Noreg skal skje og korleis ein i den prosessen kan skape eit endå tryggare arbeidsliv og hindre at arbeidstakarane tar støyten for endringane, seier Bastholm.

Skepsis basert på mytar

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen har allereie gått ut og sagt at LO aldri vil «sette godkjentstempel på ein politikk som vil legge ned arbeidsplassar og ta livsgrunnlaget frå tusenvis av våre medlemmer».

Bastholm meiner mykje av skepsisen mot MDG er basert på mytar.

– Skepsisen handlar om at vi utfordrar arbeidsplassane. Ein må forstå at det ikkje er MDG som gjer det, det er klimaendringane, seier ho.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall