Kultursjef i nye Alver kommune: – Nynorsken peikar på den felles identiteten vår

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når me no byggjer ein ny kommune er det viktig å peika på den felles identiteten me har. Levesettet har vore likt, dialekten er rimeleg lik, musikkulturen og nynorsken er nokre av fellesnemnarane våre, seier kultursjef i nye Alver kommune, Eirik Bouwer Utne.

Han understrekar at nynorsk er viktig i regionen:

– Folk er stolte over det nynorske skriftsspråket. Å feira nynorsken er naturleg for oss. Nynorsken fortener denne merksemda.

Forfattar og teikneserieskapar Jens K. Styve held teikneserieverkstad for ungdom på Ungdommens hus på Manger måndag 16. september. Foto: Samlaget

Konsertar, forfattarbesøk og kurs

Under Nynorskdagane 13.-22. september vert det 26 ulike opne arrangement.

Det vert mellom anna konsert med Tom Roger Aadland og Nicolay Leganger.

Aadland, som har hausta gode kritikkar for sine nynorske omsetjingar av Bob Dylan sine låtar, vil òg halda nynorsk låtskrivingskurs.

I tillegg vert det teikneserieverkstad med forfattar og teikneserieskapar Jens K. Styve.

Dunce-skaparen har den siste tida levert daglege striper til Dagbladet, men fekk nyleg beskjed om at avisa kuttar i satsinga:

– Det er absolutt eit tilbakesteg for Dagbladet som kulturavis, sa Jens K. Styve til Framtida.no då saka vart kjent.

Løftar fram nynorsken på Facebook

Under Nynorskdagane blir det fleire skulearrangement og arrangement for eldre på institusjonane i dei tre kommunane som etter nyttår blir til Alver kommune.

På Knarvik vidaregåande skule byrja dei Nynorskdagane allereie 2. september.

Kvar dag legg skulen ut ein video på Facebook som løftar fram nynorsken.

Her kan du sjå ein video med diktet til Olav H. Hauge «Det er den draumen» som involverer mange av elevane på skulen: