Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ida (17) og Thea Lucia (21) er verdas beste

– Det å vera verdsmeister eit heilt utruleg og litt uforståeleg. Eg klarer ikkje heilt å skjøna det, eigentleg, seier Thea Lucia Indrebø (21) frå Skien.

Til dagleg bur Thea no i Grimstad. Ho studerer fornybar energi ved Universitetet i Agder.

Ho er nybakt verdsmeister for jenter – dobbel sådan!

Makkeren Ida Øberg, som berre er 17 år, går studiespesialisering på Skien vidaregåande skule.

Noreg i verdstoppen

I desse dagar er det VM for nasjonslag i Wuhan i Kina. Det er ei tevling primært for vaksne – sjølv om nokre av deltakarane på landslaga er svært unge.

Etter at Noreg vann EM i fjor, er landslaget vårt ein av favorittane i VM. Noreg vann også VM i 2007, så det er ingen tvil om at det er mogleg å lyfte det aller gjævaste trofeet igjen.

Men Noreg har òg solide merittar innan juniorbridgen, der øvre aldersgrense er 25. Så seint som i 2014 vann gutane på det norske juniorlandslaget VM i si klasse i Istanbul, og sidan har sterke resultat berre rulla inn.

I ope VM for ungdomslag, som gjekk av stabelen i Opatija i Kroatia i august, var det Noregs jenter det verkeleg losna for.

Dei norske jentene vann gull også i lagkonkurransen for jenter i VM. Frå venstre Thea Lucia Indrebø, Ida Øberg, Sofie Græsholt Sjødal og Agnethe Hansen Kjensli. Foto: World Bridge Federation

Best i par, best i lag

Bridge er i utgangspunktet eit parspel, der to og to personar konkurrerer imot kvarandre ved eitt bord, alle med tretten kort på handa. Korta blir delte ut av ein maskin, og er dei same på alle borda i tevlinga. Det vil seia at flakselementet er minimert, det har lite å seia om du har gode eller dårlege kort: Det viktige er kva du greier å gjera ut av korta du får til del, for scoren du oppnår blir samanlikna med kva dei andre med same kort har greidd å oppnå.

Men bridge kan òg spelast med lag, det vil seia at to par på to ulike bord samarbeider om å oppnå best mogleg resultat.

I Opatija greidde Thea Lucia Indrebø og makkeren Ida Øberg fyrst å vinne parkonkurransen i VM for jenter, der eit anna norsk par – Sofie Græsholt Sjødal og Agnethe Hansen Kjensli frå Nesodden – vann sylv.

Så, då desse fire jentene gjekk saman som eit lag i lagkonkurransen, vann dei like godt han òg! Det vart ein komfortabel siger mot Polen i semifinalen. I finalen mot Kina heldt det nesten på å gå gale, men dei norske jentene trekte det lengste strået til slutt.

Det skal nemnast at Christian Bakke frå Bergen òg vann gull i eit anna tevlingsformat i VM, på lag med to israelarar og ein grekar.

Thea og Ida smakar på gullmedaljane i Opatija i Kroatia. Foto: Privat

Morosamt, logisk, psykologisk, sosialt

– Bridge verkar vanskeleg i starten, men det blir lettare etter kvart, fortel Thea Lucia Indrebø.

– Det er eit utruleg interessant og morosamt spel, og fleire unge menneske burde definitivt prøve det.

Sjølv vart ho biten av basillen då ho var 13, og gjennomførde eit nybyrjarkurs. Deretter spela ho med far sin i den lokale klubben kvar veke.

Men det tok ikkje av før ho var 15, og var på ein av dei store juniorleirane som blir arrangert i Noreg kvar sumar. Der kom ho i kontakt med Sven-Olai Høyland frå Bergen, som har vore kaptein for det norske jentelandslaget i ei årrekkje, og skal ha mykje av æra for dei gode resultata som har kome i seinare tid.

Reglane i bridge er ikkje meir kompliserte enn at alle kan forstå dei – men det tek tid å bli god.

Medan sjakk, som bridge gjerne blir samanlikna med, kan spelast prikkfritt av ein datamaskin, held det ikkje å vera flink til å rekne i bridge. Du kan eigentleg vera nokså ubrukeleg i matematikk, men du må kunne tenkje logisk, ikkje minst om kva motparten tenkjer. Skal du gjera det verkeleg bra, må du rett og slett ha psykologisk teft. Du må til og med kunne samarbeide!

Thea framhevar ikkje minst det mellommenneskelege ved bridgen.

– Det er eit veldig sosialt spel, ein møter folk frå heile Noreg og heile verda, og får mange nye vener.

Dei tri beste para i parkonkurransen for jenter i VM: Frå venstre Sofie Græsholt Sjødal–Agnethe Hansen Kjensli (sylv), Thea Lucia Indrebø–Ida Øberg (gull), Yijia Lu–Chenyun Ge (bronse). Foto: World Bridge Federation

Vil bli endå betre

På spørsmål om ho kva draumar ho har for bridgeframtida, kan Thea opplyse at bridgedraumane eigentleg vart oppfylde i VM no i år.

– Eg har ikkje tenkt på nokre andre draumar, men eg har som mål å bli betre, avsluttar ho.

Negative haldningar på utanfor banen inspirerer Isabelle Arthur (16) og lagvenninnene i Central California Soccer Alliance til å kjempa hardare. Foto: Andrea Nøttveit