Den stolte 1133.-plassen i quiz-VM


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Éin deltakar samanlikna arrangementet med ei tevling i sjølvflagellering. Kva det ordet tyder, kan jo vera eit kvisspørsmål i seg sjølv.

Men la det med ein gong vera klårt: Viss du ikkje tilhøyrer dei aller ypparste – dei som veit alt om alle cricketmatchar som nokon gong har vorte spela, alle mislykka popsongarar som nokon gong har levd, alle fjelltoppar høgare enn 100 meter – deltek du ikkje i VM i kviss for å briljere med dei store kunnskapane dine. Viss du har slike pretensjonar, kan du fort ende med eit psykisk samanbrot.

Nei, det einaste fornuftige er å innstille seg på at tevlinga garantert vil bli ein nedtur, same kor pigg ein føler seg idet ein kvessar blyanten og tek plass ved bordet. I fjor vart eg nr. 1005, og eg hadde inga forventning om å gjera det betre i år.

Simultantevling

Ein treng ikkje reise langt for å delta i VM i kviss. Tevlinga blir arrangert av International Quizzing Association simultant i byar over heile verda, her på berget under den vernande handa til Norges quizforbund, på stader så ulike som Oslo og Tromsø, Sandnes og Raufoss.

I Trondheim kunne deltakarane teljast på to hender, men det har lite å seia når ein uansett kan samanlikne scoren sin med heile planeten.

Du kan vel forresten det latinske namnet på planeten jorda? Den kunnskapen kan du i så fall berre gløyme, for så lette spørsmål får du uansett ikkje i VM i kviss.

Tevlinga består av to omgangar fordelt på to hefte, med fire kategoriar i kvart av hefta, 30 spørsmål i kvar kategori, og på kvar omgang har du ein time. Instruksen er enkel: Skriv så mange riktige svar som du maktar.

Alle kategoriane er vide og breie: «Kultur», «Underholdning», «Historie» og «Media» før pausen, «Livsstil», «Vitenskap», «Sport og spill» og «Verden» etter pausen.

Kategoriane aukar i vanskegrad frå spørsmål nr. 1 og utover, før ein avsluttar litt mjukt med nokre oppgåver med biletstøtte.

Vil du ha litt hjernetrim for å sjå om du er eigna for VM i kviss? Sjekk kor god er du på geografi!

Smerte og liding

Problemet er at alt er vanskeleg viss ein ikkje kan det.

Fyrste spørsmål i sportskategorien var: «Salchow-hoppet er oppkalt etter svenske Ulrich Salchow, en olympisk gullmedaljør og ti ganger verdensmester i hvilken sport?» Dette reknar dei altså for eit lett spørsmål, men viss ein aldri har vigd ein tanke til andre idrettar enn snooker, darts og bridge, kan ein fort koma til å skrive «stavsprang». Det gav ikkje eingong eit halvpoeng, sjølv om fasit var noko temmeleg likt, nemleg «kunstløp».

Den veikaste kategorien min i år, der eg noterte heile 4 av 30 poeng, var vitskap.

Problemet er at alt er vanskeleg viss ein ikkje kan det.

Mashallah, kor nøgd eg var med meg sjølv då eg greidde å gruble meg fram til «korde» på spørsmål nr. 3: «Hvilket ord brukes i matematikken om et hvilket som helst linjestykke som går mellom to punkter på en kurve? Denne kurven kan for eksempel være en sirkel.»

Men så kjem neste spørsmål og masar om det internasjonale trivialnamnet på kaktusarten carnegiea gigantea. Det norske trivialnamnet «kjempekaktus» vart brutalt underkjent, for dei skulle jo ha det internasjonale, og «saguaro» hadde eg ærleg tala aldri høyrt om.

Vonbrot og anger

Det å ikkje ha peiling på noko, er likevel ei ærleg sak. All kunnskap har ein viss eigenverdi, naturlegvis, men eg lever svært godt med at eg ikkje kjenner den japanske rydde- og organiseringskonsulenten Konmari.

Det som derimot gjer vondt, er dei spørsmåla ein eigentleg kjenner svaret på, utan at ein får det svaret ned på papiret. Noko er så idiotisk at det berre er tragikomisk, som når eg får høyre alskens opplysningar om ei vanleg vare i jarnvarehandlar, som forresten er ein vanleg bestanddel i dei fleste bygningar, og eg ikkje kjem på noko anna å skrive enn «hamar». Ein hamar er sjølvsagt ingen «bestanddel» i noko hus, men kva med å prøve «spikar» i staden?

Vel, for meg ligg det inga stoltheit i dette med spikar, for alle som kjenner meg veit at eg aldri har slått ein spikar inn i ein vegg, og heller ikkje har planar om å gjera det, same kor god hamaren måtte vera.

Men det ein faktisk veit, og er glad for at ein veit, det ein synst det er kult å vita, som ein likevel ikkje greier å svara – det er det verkeleg forferdelege. Som ein by i Kasakhstan, tidlegare kalla Leninsk, som har gjeve namn til verdas største operasjonelle oppskytingsbase for romfartøy: «Bajkonur», naturlegvis, kva elles!

Eller det hersens treslaget den tjukkebolla Buddha sat under då han fekk den fordømde oppvakninga si: «boditre», det var jo forsyne meg pensum på grunnfag i religionsvitskap, korleis er det mogleg å gløyme noko så elementært?

Dei beste spørsmåla er likevel dei der svaret ligg der, gøymt i sjølve spørsmålet

Dei beste spørsmåla er likevel dei der svaret ligg der, gøymt i sjølve spørsmålet, i rein logikk, som til dømes den gamle eliminasjonsmetoden: «Hvilket er det femte mest talte germanske språket i verden – etter engelsk, tysk, nederlandsk og svensk, men før dansk og norsk?»

Eg svara «austerriksk» av alle ting, endå eg sjølvsagt veit at dei snakkar tysk i Austerrike, eg har endåtil vore der. Men kva skal ein gjera når ein ikkje greier å tenkje ein millimeter utom den kvelande tronge boksen?

Svaret var naturlegvis «afrikaans», det vestgermanske språket til hollendarar og andre busetjarar i det gamle Sør-Afrika, som no blir snakka i fleire land der i kverven, både av raud og gul og kvit og svart.

LES OGSÅ: Kor god er du på historie?

Forfengelegheit, forfengelegheit

Over nemnde eg noko om stoltheit, og det var ein stor feil: Det er inga meining i å snakke om slike daudssynder i VM i sjølvflagellering. Her gjeld det å bli tukta, og vonleg få banka inn i hovudet formaninga som farfaren min fekk av læraren sin på barneskulen, den gongen det fanst ein einaste lærar i grenda, og han var sjølve personifikasjonen av all lærdom, slik at dei ganske enkelt nemnde han ved eigennamnet «Skulinj»: «Les, lær, tenk,» erklærte han høgtideleg og med heva peikefinger på slutten av kvar bidige veke, «og bli aldri trøytt!»

Her gjeld det å bli tukta

Gratulerer til Olav Bjortomt, som i år som i fjor kan kalle seg verdsmeister i kviss. Han er brite, men av norsk og filippinsk familie.

Beste nordmann vart igjen Thomas Kolåsæther, på ein sylskarp 9.-plass.

Sjølv enda eg nesten sist i Trondheim, nesten sist i Noreg, nesten sist i verda: 1133.-plass var endå elendigare enn i fjor. At eg trass alt var eit godt stykke framfor James C. G. Birr i Liberia, som med 1 poeng på 240 spørsmål måtte ta til takke med den sure 2655.-plassen, er ei mager trøyst.

Den store draumen min er å greie topp 1000 ein gong, men det kjem aldri til å skje.

Fekk du lyst til å kvissa litt no? Test deg sjølv på ein av dei mange kvissane til Framtida.no!