Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er sjakk og bridge idrettar? Den Internasjonale olympiske komiteen (IOC) meiner det, og vurderer jamleg å ta dei med i sommar-OL – saman med andre marginale kandidatar som vasski, tautrekking og squash. Verken sjakk eller bridge har så langt klart å sikra seg ein plass i leikane, men organisasjonane deira kjempar utrøytteleg for å få det til.

I mitt syn burde verken sjakk eller bridge bli vurderte som kandidatar, og i alle fall ikkje tatt inn. Krava er ulike. Medan mange aktivitetar både er spel og idrett – tennis og golf, til dømes – er det mange idrettar som ikkje er spel – som å stå på ski eller å surfa – og spel som ikkje er idrett – stigespel, eller for den del sjakk og bridge.

Filosofen Ludwig Wittgenstein påstod ein gong at spel ikkje kan definerast, og vedda på at ingen kunne koma på eit sett med nødvendige og tilstrekkjelege kriterium for omgrepet. Det er synd at han ikkje rakk å lesa den kanadiske filosofen Berhad Suits’ bok The Grasshopper: Games, Life and Utopia (1978), som svarer på utfordringa frå Wittgenstein med denne fiffige definisjonen: «eit frivillig forsøk på å overvinna unødvendige hinder.»

Tanken til Suits er at alle spel spesifiserer eit bestemt mål, som å nå den siste ruta i stigespel eller å få ein golfball ned i holet. Så set dei vilkårlege hindringar på korleis ein kan nå målet: du kan berre gå opp eller ned ein stige i stigespel; du må slå ballen med kølla, ikkje bera han over fairwayen.

Spel er eit frivillig forsøk på å overvinna unødvendige hinder.

Som ein måte å forstå spel på, verkar dette spot on. Suits er derimot på vaklande grunn når han argumenterer for at alle idrettar er spel. Sjølv om idrettar som har vilkårlege reglar – slik som golf og tennis – passar definisjonen hans av eit spel, har Suits problem med friform-aktivitetar som å stå på ski eller å surfa. Han prøver å tvinga dei inn under definisjonen hans ved å fokusera på reglane som strukturerer konkurransegreinene av desse idrettane. Men kva med å stå på ski eller å surfa som fritidsaktivitetar? Dei fleste vil framleis sjå dette som sport, sjølv utan nokon reglar som gjer dei til spel.

Vekta Suits legg på reglar fører han også på illspor når det gjeld verdien av sport. Slik han ser det, er poenget med sport – som med andre spel – å møta utfordringa frå dei «unødvendige hindringane» som blir stilte i vegen for det spesifiserte målet. Dette er lite overtydande. Eg ville ha sagt at viss noko ikkje er verdt å gjera, blir det ikkje verdt å gjera berre fordi ein gjer det vanskeleg. Det må vera noko meir ved sport enn det å overvinna unødvendige hinder.

Det verkelege poenget med sport er å utøva fysiske evner. Stoltheit over fysisk yting er eit djupt forankra trekk ved menneskenaturen. Menneska bryner dei fysiske talenta sine og frydar seg over å få bruka dei. Eg vil seia at sport er ein kvar aktivitet som legg opp til å syna fram fysiske evner.

Sjølv når ein sport er eit spel, som tennis, ligg verdien av aktiviteten i den fysiske utfaldinga, ikkje strukturen i spelet. Backhand-slag med toppspinn tvers over bana er gode fordi dei krev beundringsverdig talent, ikkje fordi du må overvinna dei vilkårlege reglane i tennis for å vinna eit poeng.

I tråd med dette er det verdt å leggja merke til kor mange idrettar som har vakse ut av kvardagslege fysiske aktivitetar. Utøvarar byrjar med å utvikla talenta sine for roing – eller fekting, bogeskyting, okseriding, eller å rygga med lastebilhengar – og snart nok blir dette organiserte idrettar. Det er berre naturleg at nokon som set stoltheit i å kunna ro fort vil prøva å sjå om dei kan ro raskare enn andre.

Idrettar er essensielt fysiske, på ein måte som sjakk og bridge ikkje er.

Dette er grunnen til at sjakk og bridge ikkje er idrettar. Du kan påstå at ein brukar fysisk energi når ein flyttar brikkene eller speler korta – kanskje til og med meir energi enn i stilleståande idrettar som skyting på blink. Men du det er ikkje dét spelarane prøver å vera gode på. Trass alt ville det gitt god meining for ein armlaus sjakk- eller bridgespelar å instruera nokon andre til å spela for seg. Men du tevlar ikkje i eit skytestevne viss du får nokon andre til å sikta og trekkja av for deg. Idrettar er essensielt fysiske, på ein måte som sjakk og bridge ikkje er.

Dette tyder sjølvsagt ikkje at spel som ikkje er idrettar ikkje har sin eigen verdi. Som med idrett må likevel verdien av spel vera noko meir enn berre det å stiga over unødvendige hinder. I mange spel er poenget å skapa spenning gjennom tilfeldigheit, som i terningspel for barn som stigespel, eller i hasardspel som rullett. I tillegg finst det mange spel som legg opp til å utøva beuindringsverdige mentale ferdigheiter.

Sjakk og bridge er framifrå i dei mentale krava dei stiller til utøvarane. Alle som har vore borti sjakk er klare over den overjordiske dugleiken som stormeistrane syner fram. Som tidlegare bridgespelar på krinsnivå kan eg sjølv vitna om at topputøvarane i bridge jamleg utøver formidable mentale bragder.

Eg står altså ikkje tilbake for nokon i mi beundring for sjakk og bridge. Dei er storarta aktivitetar som gjer krav på det ypparste nivået av mental dugleik. Men det er ikkje sport.

 

David Papineau er professor i filosofi ved King’s College London og City University of New York. Den siste boka hans er Knowing the Score. How Sport teaches us about Philosophy (and Philosophy about Sport) (2017).

Teksten er henta frå Aeon.co og omsett til norsk av Runar B. Mæland. Publisert med CC BY-ND 4.0-lisens. Fleire tekstar frå Aeon finn du her!