Teikneserieskaparen er ikkje glad i å «mingla», men skulle gjerne sett korleis andre teikneserieskaparar jobbar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg les ikkje på senga, men eg har stablar her og der med manga og teikneseriar eg les og vil lesa. For tida les eg på fleire mangaseriar samtidig, eg vekslar litt mellom dei, skriv Oliver Levang til Framtida.no.

Teikneserieskaparen har tidlegare gitt ut den grafiske novellesamlinga Freden og andre historier. 

Oliver Levang

Alder: 32
Frå: Sandnes, bur i Stavanger
Utdanning: Bachelor i illustrasjon
Yrke: Påkledar på teater (og teikneserieskapar på «fritida»)

Hans nye grafiske roman Sort Lam er den første av to romanar om 15 år gamle Denver, som er heimlaus og vert heimsøkt av skumle mareritt. For denne er Levang nominert til Uprisen 2025.

Mykje manga

Teikneserieskapar Oliver Levang vil ikkje skryta på seg å vera ein storlesar, men brukte å lesa ei eller to romanar i året.

– No er det ei stund sidan sist og det er eigentleg litt synd. Likar å bli oppslukt av ei bok. Eg les ein del manga i periodar, då! Kanskje ein plass mellom 5–15 manga i året? Les òg litt teikneseriar. Det varierer veldig

Levang er open til å lesa ulike ting, men når det gjeld teikneseriar, er teiknestilen veldig viktig.

– Eg synest det er vanskeleg å lesa ein teikneserie der eg eigentleg ikkje likar så godt teikningane, eller der det er altfor mykje tekst i snakkeboblene.

Tematisk har coming of age- og karakterdrivne historier vore ein gjengangar.

– Eg likar karakterar som kjennast ekte ut, som har djupn og kompleksitet. Eg likar også veldig godt når historier klarar å balansera på linja mellom humor og blodig alvor, til dømes Golden Kamuy og Chainsaw Man.

Post bok-depresjon

Teikneserieskaparen les litt over alt: I pausen på jobb, ved pulten min når han eigentleg skulle gjort noko anna, nokre gongar på sofaen, nokre gonger på biblioteket, der han sit og teiknar innimellom.

– Når eg tenkjer over det tek eg meg sjeldan tid til å lesa, så når eg først gjer det er det litt spontant og derfor ikkje så nøye kvar.

Levang prøver å koma seg gjennom Berserk og les litt på Sakamoto Days og Chainsaw Man.

– Eg har også nokre få volum igjen av mangaen Golden Kamuy, som veldig brått vart ein favoritt. Eg så animeen og kunne ikkje venta til han heldt fram, og las vidare på mangaen. Eg har veldig lyst til å lesa dei siste voluma (og skal definitivt gjera det … snart!!), men på same tid har eg ein tendens til å utsetja å fullføra bøker og seriar. Det er som om når boka ikkje er heilt ferdig lese, så er ho framleis med meg, medan når eg har lese siste side er ho over og eg får ein liten post bok-depresjon kvar eg kjenner meg litt tom.

Frå teikneserien Sort lam. Illustrasjon: Oliver Levang

Skammarens Dotter og Blade of the Immortal

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Eg veit at eg vart lesen for av foreldra mine, men hugsar ikkje kva. Eg veit at eg også bladde mykje i Donald, men at eg berre såg på teikningane.

I tenåra gjorde dei dramatiske seriane Darren Shan-serien, mangaen Blade of the Immortal og Skammaras Dotter.

– Eg fekk Skammarens Dotter gjennom noko lesegreier på skulen. Hugsar at han gjorde sterkt inntrykk på meg, og eg las gjennom heile serien. Den var utruleg inspirerande!

Blade of the Immortal var på si side den første av mange mangaar Levang har lese.

– Han er eigentleg berekna for eldre lesarar enn det eg var, men det var noko heilt ekstatisk og fortryllande med å lesa ein så valdeleg teikneserie. Det opna verkeleg auga mine for kva ein teikneserie faktisk kunne vera, både med tematikken, det dynamiske ruteoppsettet og den lause, men realistiske teiknestilen. Fram til då hadde eg berre lese stripeseriar, Nemi, Donald, Pondus, etc. Der gjekk det for det meste i flate fargar, stiliserte karakterar og stramt rutenett.

På universitetet kom han over bøkene til amerikanske S.E. Hinton, som vert omtala som oppfinnaren av young adult-sjangeren med bøkene ho skreiv medan ho gjekk på amerikansk high school.

– Eg las først The Outsiders, og så etter kvart las eg dei andre bøkene hennar òg. Dei bøkene hadde ei heilt spesiell stemning og tone som eg ikkje hadde lese før. Eg trur dei bøkene har inspirert meg ein del.

Frå Sort lam. Illustrasjon: Oliver Levang

Tredimensjonale karakterar

Teknisk synest Levang det er viktig at flyten på snakkeboblene og plasseringa av karakterane er viktig for å gjera ein teikneserie bra.

– Ein skal ikkje trenga å bruka energi på å prøva å forstå rekkjefølgja på dialogen og kven som snakkar. Eg synest også det er spennande når ein bruker mediet, at ein balanserer kva som treng å bli sagt med ord, og kva som kan visast med uttrykk, lys og kva som er illustrert, forklarar han.

Serieskaparen synest ofte seriar som har karakterar som er meir tredimensjonale, er spennande.

– Viss dei bryt med forventningar eller stereotypar. Til dømes viss ein karakter ein forventar at berre skal vera lydig og snill, plutseleg viser seg å ha bein i nasen og er sjølvsikker, eller viss ein macho dude-bro viser seg å vera meir empatisk og varm enn ein trur på grunn av stereotypen.

Undervurdert manga

No for tida er han hekta på mangaen Golden Kamuy, som han meiner er undervurdert.

– Han er nok ikkje for alle, men eg synest det er verd å nemna at det tok litt tid for meg å verkeleg komma inn i ho. Eg såg først animeen, og det var ikkje før episode 4–5 at eg vart hooked. Etter det tok det ikkje lang tid før eg såg alle episodane. Kort tid etter så eg heile animeen om igjen saman med Vinter, kjærasten min. Når alle episodane var slukte, byrja eg å undersøkja kva manga-volum som hadde scener som ikkje var i animeen. Eg las dei voluma og etterpå las eg vidare på serien. Han er veldig bra! Absurd, kul, komplekse karakterar og ikkje minst: veldig morosam.

– Kva teikneserieroman skulle du ynskja du hadde laga?

Dorohedoro av Q. Hayashida! Vel, historia er veldig kaotisk og eg veit faktisk ikkje om eg forstår alt, men teiknestilen hennar er heilt utruleg kul, synest eg. Karakterdesigna, personlegdommane, alle dei rare ideane, den røffe stilen. Ho lagar også veldig spesielle omslagsillustrasjonar med miksa medium.

Dorohedoro har vore ein stor inspirasjon for Levang.

– Den hjelpte meg til å gi slepp på jaget etter å prøva å få ein rein teiknestil som mange andre har, men heller omfamna tekstur, kul anatomi, røffe linjer og uperfekthet. Å finna det punktet der det kan sjå skisete ut, men likevel ferdig.

 

 

– Eg er i hovudet til karakteren

– Kva bokkarakter/teikneseriekarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Eg synest dette spørsmålet var overraskande vanskeleg å svara på, og klarer eigentleg ikkje å komma til ein konklusjon. Eg kjenner meg nok igjen i ulike karakterar, av ulike grunnar og aspekt, men hovudet mitt er heilt blankt. Samtidig kjennest det ikkje heilt naturleg ut for meg å prøva å samanlikna meg sjølv med karakterar eg les om. Eg trur ikkje eg er ute etter å plassera meg sjølv i historiene, men heller observera gjennom karakterane i staden, viss det gir meining. Eg er i hovudet til karakteren, i staden for å setja hovudet mitt i karakteren.

– Kva forfattar/teikneserieskapar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg blir irrasjonelt stressa av tanken på å invitera nokon som helst på middag. Eg har eigentleg ikkje eit sterkt behov for å møta folk eg ser opp til! I alle fall ikkje i ein privat setting, eg er ikkje flink til å «mingla». Men, viss me ignorerer middags-aspektet, hadde det vore utruleg kult å vera ein skugge i arbeidsrommet til til dømes ein manga-artist og sjå korleis dei jobbar. Eller sånn sett, kva som helst teikneserieskapar som jobbar tradisjonelt.

– Om du berre skulle lesa bøker frå ein teikneserieskapar heile livet ditt – kva teikneserieskapar?

– Vinter, kjærasten min. Litt klissete svar, men det hadde vore heilt tragisk å ikkje kunna lesa dei framtidige teikneseriane hennar!

– Kva av bøkene dine ville du sett filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Eg laga ein teikneserie til ein Überpress antologi «Kittelsens skog» som heiter «Hunger» som er ein slags western thriller/horror, men inspirert av norsk natur, eventyr og karakterane går i bunad osb. Eg synest det er eit morosamt og kult utgangspunkt. Sjølv om eg er fornøgd med teikneserien, trur eg at akkurat han hadde vore endå meir creepy viss han kunne nytta seg av lyd-element og musikk for å byggja opp stemninga. Det er også visuelle hjelpemiddel som kunne forsterka oppbygginga i ei filmatisering, slik at twisten på slutten hadde gjort endå sterkare inntrykk. Elles hadde sjølvsagt webcomicen Hell (P) vore utruleg kul som filmatisering. Den hadde sannsynlegvis passa betre som animasjon, då. Det er ein serie sett i Helvete der karakterane kjempar om ein billett til Himmelen. Han har action, humor og alvor, og ville definitivt vore ein spennande serie.