Usikker på vidare utdanning? Prøv Teknologiuka på NTNU!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tomine Berge har inga tilknyting til NTNU, men fekk delta på «Teknologiuke» i fjor. 

For mange har tida kome for å tenkje på kva ein vil arbeide med når ein vert vaksen; rettare sagt kva du vil utdanne deg til etter vidaregåande. Skummelt for nokon, enkelt for andre. Det er, bokstavleg talt, ei heil verd av moglegheiter. Det du til slutt vel er heldigvis ikkje endeleg, og det er lov å byte meining både ein og to gonger. Kjenner du deg usikker? Her kjem eit heitt tips til deg!

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, også kalla NTNU, har tatt grep for å vise elevar alle moglegheitene dei tilbyr. Det er Noregs største universitet, og dei har campus på Gjøvik og i Ålesund. Hovudsetet ligg i Trondheim.

Jente- og gutedagar

I fjor fekk eg og ei veninne vere med på NTNU si «Teknologiuke» for jenter, som gjekk over tre dagar i Trondheim. Den er spesielt retta mot jenter som har interesse innanfor realfag og teknologi, på grunn av at yrke innanfor dette er nokså mannsdominerte.

I løpet av Teknologiuka får du informasjon om dei ulike utdanningane NTNU tilbyr, du får vere med på foredrag på universitetet, snakke med studentar og mykje anna!

Dersom du har feil kjønn, og difor ikkje kan delta på jentedagen, fortvil ikkje. NTNU tilbyr også «Guttedagen», som er eit eige opplegg for gutar. Her får ein læra om studietilboda NTNU har innanfor helse- og sosialfag.

Fleire hundre jenter besøkte Teknologiuka for jenter i 2018. Foto: Kai T. Dragland/NTNU

– Det finst noko for alle

Teknologiuka for jenter er 6.-8. november i år, og det er eit opplegg eg verkeleg vil anbefale fleire å delta på.

Me hadde nokre utruleg kjekke dagar i Trondheim. Med sine 180.000 innbyggjarar, der heile 33.000 av dei er studentar, vert byen ofte kalla for «Noregs beste studieby». Det skjønar du fort; alle studentane me kom i kontakt med skrytte mykje av kor utruleg bra miljø det er i denne byen. Alt er sentralt, og det skjer noko heile tida. I tillegg er det ein heil drøss med studentaktivitetar, verv og klubbar du kan melde deg inn i. Det finst noko for alle!

Etter eit besøk på NTNU sit du mest sannsynleg att med mange nye inntrykk, og ikkje minst mykje kunnskap om dei forskjellige studia som finst der ute. Sjølv fekk me i etterkant av besøket ei kjensle av å ha litt meir kontroll over kva me kunne tenka oss å studera eller ikkje.

Ei lita åtvaring: både «Teknologiuka» og «Guttedagen» har utruleg mange interesserte, så skriv ein god søknad der du fortel om motivasjonen din for å besøke NTNU. Det er ulike krav til å kunne søke, men desse får du info om på nettsidene til NTNU.

God tur!