Jonas (21) kan bli tidenes yngste ordførar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristeleg Folkeparti fekk 26,4 prosent av stemmene i Sokndal, og er dermed største parti i Rogalands-kommunen.

– Fantastisk kjekt! seier Jonas Andersen Sayed (KrF) til NRK om resultatet som er eit av dei beste til partiet sidan krigen. No ligg han godt an til å bli tidenes yngste ordførar i Noreg viss KrF klarar å samla eit fleirtal i kommunestyret.

Vil avmystifisera lokalpolitikken

Ein av kjepphestane til Jonas Andersen Sayed sidan han blei valt inn i kommunestyret som 17-åring har vore å prøva å avmystifisera lokalpolitikken.

– Politikk treng ikkje vera så komplisert som det ofte blir framstilt som, og vi treng unge stemmer som er aktive i viktige avgjerdsprosessar, skreiv han til Framtida.no i spalta «Ung politikar» før valet.

Sayed nytta høvet til å oppmoda andre unge til å bruka røysteretten til å få valt inn fleire unge kommunestyrerepresentantar.

I valkampen fekk han også med seg tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide på ein sykkeltur gjennom kommunen sin:

Kan setja ny rekord

Den unge ordførarkandidaten løfta fram skule, kultur, kollektivtilbod og spørsmål om arbeidsplassar, som saker som opptar livet til unge menneske.

Han meiner det er sunt for demokratiet at kommunestyra speglar att mangfaldet lokalsamfunnet.

– Ei stemme til Sokndal KrF kan gjera at eg endar opp som tidenes yngste norske ordførar. Akkurat dette punktet er derimot ikkje noko eg har lagt noko personleg prestisje i, understreka han i politikarspalta.

Den tidlegare rekorden har Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe som i 2015 blei valt som 22-åring.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) er landets yngste ordførar. Foto: Svein Olav Langåker