Då eg var 20: Kjartan Fløgstad stod i stram giv akt og presenterte gevær tett på verdshistoria

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Året eg fylte 20 starta med at eg møtte til førstegongsteneste i det militæret, og var heile resten av året i uniform, forklarar Kjartan Fløgstad.

Den kritikarrorste forfattaren, som har vorte kjent for sitt ekstremt store ordforråd, fylte nyleg 75 år.

Me har spurt kva forfattaren gjorde, tenkte og høyrte på som 20-åring.

Rekrutt Fløgstad

Året 1964 tilbragte Fløgstad på rekruttskule på Heistadmoen ved Kongsberg, deretter Garden i Oslo fram til 23. desember 1964: «Oppstilling til avmarsj. Antrekk sivile klær. Med andre ord dimittering!»

I tillegg til grunnleggande infanteriutdanning var kvardagen i Garden prega av slutta orden og drill for vaktteneste på Slottet, Akershus festning, Skaugum og i leiren på Hovseter, skriv Fløgstad i ein e-post til Framtida.no.

Foto: Privat

 Som infanterist fekk eg spesialutdanning i samband, i nærstrid og kurs for geværlagførarar, slik at eg blei korporal og avløysingsførar for vaktlaget. Troppen var oppsett med 81 mm bombekastarar, som er eit såkalla høgbanevåpen, det vil seia at granatbanen har meir enn 60 graders stigning. For å rekna oss fram til kor granatane skulle landa, måtte vi også driva med praktisk ballistikk ute i felten, på Terningmoen ved Elverum og oppe i skytefeltet på Hjerkinn.

Seinhausten det året gjekk dei fjellmarsj sørover frå Hjerkinn med den tunge Garand-rifla og 30 kilos sekkar på ryggen.

– Sidan har eg aldri vore frista til å gå fottur i Rondane, skriv forfattaren.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

– Vaktturnusen var to timar på og fire timar av. Eg huskar best timane i paradeuniform i forporten på Slottet, med utsyn ned Karl Johan mot Freia-uret på Egertorget og den roterande klokka på toppen av Thorstedgården. Begge snegla seg like ulideleg sakte av stad.

The Beatles vinkar til fansen etter å ha landa på Kennedy Airport, 7. februar 1964. Foto: Wikimedia Commons.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

 På frivaktene gjekk vi ofte på kino. Beatles-hysteriet var på topp, eg minnest Hard Day´s Night i ein fullsett Sentrum kino med elleville tenåringar og meg i uniform.

– Vinnaren av Melodi Grand Prix det året var den smektande italienske balladen Non Ho L´Etá, som lydde over alt, også i Gardeleiren.

– På brakka budde eg først som menig på timannsrom, medan lagførarane berre var tre på rommet. Her møtte eg korporal Jensen, som hadde studert filosofi, særleg Wittgenstein, eit år på universitetet. Han hadde også platespelar og plater med Beethoven. Ja, det er heilt sant, vi sat på brakka og høyrde på Beethovens seine, såkalla «galne kvartettar» og diskuterte Wittgensteins Tractatus, som eg hadde vore og kjøpt hos Tanum Cammermeyer på Karl Johan, og som eg framleis har i bokhylla.

Hugsar du 20-årsdagen din?

 Fødselsdagen min den 7. juni huskar eg ingenting av. Men ikkje lenge etter danna Garden æresvakta, då den sovjetiske partiledaren Khrusjtsjov var på statsbesøk og la ned krans på minnesmerket over dei falne på Akershus. Borte i Moskva planla motstandarane hans samtidig kupp for å avsetja Khrusjtsjov som partiledar. Å stå i stram giv akt og presentera gevær tett på verdshistoria gjorde inntrykk.

Visste du kva du skulle bli i livet?

– Etter gymnaset hadde eg arbeidd på fabrikk før eg kom i det militære, det arbeidet likte eg, men med artium var det jo lagt opp til at eg skulle studera. Kva det skulle bli, det var nokså i det blå, men framtida virka lys. Alt i alt var det ei ubekymra tid, på den måten at alle som ville, kunne få seg ei utdanning, og det sto alltid jobbar og venta, når utdanninga var ferdig.

Usikker på kva utdanningsveg du skal ta? Sjekk ut spalta «Yrket mitt»!

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

 Nei og nei, så ung du var, ville eg nok tenkt, om eg hadde møtt meg sjølv igjen som tjueåring!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Det er bra at du ventar, tenker deg om, reiser, prøver andre ting, og ikkje går rett i gong med målretta utdanning og yrkesliv. Det ville eg sagt til tjueåringen eg den gong var.

Les også om då Øystein Bache som 20-åring var FN-soldat og fekk sitt første møte med krig:

Foto til venstre: Skjermdump frå Påskenøtter på NRK. Foto til venstre: Privat.