Fosse: – Eg har aldri skrive noko liknande

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.09.2019 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag blei første bandet av det nye storverket til Jon Fosse lansert på Det Norske Teatret i Oslo.

Lanseringa markerte også starten på Den internasjonale Fosse-festivalen og ei storstilt feiring av at det i år er 25 år sidan Fosse debuterte som dramatikar og at diktaren i år fyller 60 år.

Det nye verket er sett saman av sju bøker på til saman 1.250 sider fordelt over tre band. Førebels er berre det første bandet ute. Det har tittelen «Det andre namnet». Neste år kjem band nummer to med tittelen «Eg er ein annan», medan det tredje og siste bandet «Eit nytt namn» kjem ut i 2021.

Fosse tok til å skriva på verket sommaren 2015. Sjølv om heile verket ikkje kjem ut før om to år, er forfattaren for lengst ferdig med skrivinga

– Eg var redd for å døy før verket var ferdig, skal han ha fortalt redaktøren sin, Cecilie Seiness i Det Norske Samlaget.

Jon Fosse meiner det nye verket hans “Septologien” på mange måtar samlar trådane frå heile forfattarskapen hans.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ingen sjølvbiografi

Forlaget har karakterisert verket som «eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går.»

Hovudpersonen Asle, som eigentleg er to personar i ein og same person, kan minna mykje om forfattaren sjølv. Begge har langt grått hår som er samla i ein hestehale, begge er kunstnarar og begge er katolikkar. Fosse avviser derimot at det er ein sjølvbiografi, men samtidig vedgår at han har flørta litt med sjangeren.

– Den sjølvbiografiske romanen er jo så veldig populær for tida, så for å spela litt med den sjangeren, la eg inn nokre likskapar mellom meg og hovudpersonen. Det burde eg kanskje ikkje ha gjort, men eg klarte ikkje å dy meg, seier han.

Sann løgn

Sjølv om Fosse altså har teke med nokre sjølvbiografiske element, strekar han under at sjølve romanen er fiksjon og dikting, som alt anna han har skrive.

– Skal eg få til å dikta, må eg berre byrja frå null, og så må det veksa opp og bli til derifrå.

Fosse har likevel ikkje noko mot sjølvbiografisk litteratur eller kollegaer som skriv på denne måten.

– Eg vil ikkje kritisera Knausgård eller kven det måtte vera, for å skriva sjølvbiografisk.

Nokre kan få det til å bli god litteratur, men min måte å skriva på er ikkje slik. Eg trur rett og slett ikkje eg kunne ha skrive noko sjølvbiografisk. Det ville på ein måte blitt løgn.

Denne romanen er sann løgn. Ein sjølvbiografi ville blitt usann løgn.

Medan somme skriv for uttrykkja seg, skriv Fosse meir for å koma vekk frå seg sjølv, seier han.

– Mange seier dei har så mykje på hjarta, at dei skriv for å uttrykkja seg sjølve. Det har aldri vore i min tanke. Eg kan heller seia at eg har skrive for å koma vekk frå meg sjølv, meir enn for å uttrykkja meg sjølv. Måten ein kan klara det på er å få til ei form. Litteratur er for meg – som all annan kunst – hovudsakleg form. Innhaldet er nesten ein del av forma, men det glir saman til ein heilskap.

Forfattar Jon Fosse signerer bok til Dag Tresselt under lanseringa av verket til Fosse “Septologien” på Det Norske Teatret.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Nytt og gjennkjenneleg

Det nye romanverket er det lengste verket Fosse nokon gong har skrive. Verket var i utgangspunktet på rundt 1700 sider.

– At eg skreiv så langt, var ikkje planlagt eller vilja, men det blei slik. Den haldninga har eg alltid hatt til det å skriv og dikta. Det må få styra seg sjølv. Det er ikkje eg som skal styra det.

Fosse meiner det nye verket er annleis enn alt anna han skrive . Det gjeld òg det siste teaterstykket hans, «Sterk vind», som truleg blir sett opp på Det Norske Teatret hausten 2021. Samtidig er han klar på at «Septologien» òg inneheld mange element frå det han har skrive tidlegare.

– Verket samlar veldig mange trådar frå heile forfattarskapen min, seier han.

Ei intens skriftselv

– Det nye verket ditt har blitt omtalt som langsam prosa. Går det an å seia noko meir om kva dette nye er?

– Det langsame ligg sjølvsagt i lengda, den tida det tek å skriva det, og den tida det tek å lesa det. Eit teaterstykke er veldig konsentrert. Det er litt som eit dikt som er strekt ut.

– Då eg skreiv «Septologien» var tanken min at det skulle ta lang tid å skriva det. At skrifta på ein måte skulle fløyma av stad som ei slags elv. Det gjer ho vel òg. Av og til fort, og av til langsamt, ei slags skriftselv, kanskje.

– Sjølv om det er langsam lesing, er det likevel ein sterk intensitet i boka?

– Ja, det kan verka som om eg ikkje slepp unna den intensiteten sjølv om eg vil.

Mykje av det Fosse skriv, handlar om augneblinkar. Slik er det også med det nye verket, sjølv om det er omfangsrikt. Fosse kallar det eit utstrekt no.

– Det er no og no og no. Til saman blir det eit utstrekt no, meir enn ein augneblink, forklarer han.

– God kunst skal forandra

– Det religiøse har også ein sentral plass i boka. I eit tidlegare intervju har du sagt at alt du skriv eigentleg er bøner.

– Ja, eg sa det ein gong, men etter at eg hadde sagt det, kjendest det ut som om at det var feil. Men så las eg ei tid etterpå at Franz Kafka hadde sagt akkurat det same om diktinga si. Då tenkte eg at det kanskje ikkje var så dumt likevel. Samlinga, konsentrasjonen og meditasjonen i det å skriva, i diktinga, kan kanskje ha nokre likskapar med det å be og med bøn.

Fosse er likevel sterkt kritisk til litteratur som har ein agenda eller bodskap.

– Dersom du har ein bodskap du vil formidla – anten det er politisk eller religiøst – så skriv du dårleg, meiner eg. I denne romanen handlar det om ein biletkunstnar som er eit truande menneske, verken meir eller mindre. Han tenkjer sitt. Det er ikkje meir enn det.

Viss det verkar som forkynning, har eg skrive ein dårleg roman.

Dersom romanen fører til at lesarane gjennom hovudpersonen får nye tankar og ny innsikt, meiner Fosse derimot det er bra.

– All god litteratur skal etter mi meining føra til at ein opplever verda litt annleis. Tanken min med ein god teaterproduksjon er også at folk skal få vita noko dei ikkje visste frå før.

Viss folk går inn og ut av teatersalen og tenkjer akkurat det same, er det ikkje slike tekstar eg har lyst til å skriva.

Jon Fosse og elevar ved Stord vidaregåande las høgt frå Forvandlinga av Franz Kafka.

Fakta: Jon Fosse

  • Fødd 1959, i Haugesund
  • Debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983
  • Best kjend som dramatikar
  • Særeigen og rytmisk skrivestil
  • Fekk statens æresbustad for kunstnarar i 2011
  • For Andvake-trilogien fekk han Nordisk råds litteraturpris i 2015

Les meir på Allkunne.no!