Jon Fosse reagerer.

NPK-NTB
NPK-NTB

Gruppa Soldiers of Odin har ikkje gått forfattar Jon Fosse hus forbi. Han håper å ta guden Odin tilbake frå høgreekstreme gjennom si Edda-oppsetjing neste vår.

Den verdskjende norske forfattaren har no dramatisert sjølve hovudverket i norrøn litteratur for scena, skriv Dagsavisen. Det skal setjast opp på Det Norske Teatret i mars neste år og har Odin som ein hovudkarakterane.

Fosse har prinsipielt sagt nei til alle intervju i Noreg, men i ein e-post til Dagsavisen svarar han på spørsmål om den kontroversielle gruppa som kallar seg Soldiers of Odin.

– Ein produksjon som denne på Det Norske Teatret er med på å ta Odin bort frå eigedomsretten som høgreekstreme tydeleg nok meiner at dei har til denne diktinga. Ikkje minst derfor er ein slik produksjon viktig, slik også den nye, store utgåva med nyomsett sagalitteratur er, skriv Fosse.

– Ikkje berre Edda-diktinga, men heile den norrøne litteraturen er blitt brukt av nazistiske og nynazistiske grupper, før som no. Det betyr ikkje at ein skal gløyme denne litteraturen, som er det viktigaste Norden har bidratt med til verdslitteraturen. Den norrøne litteraturen er heilt unik, og ha høyrer alle til, både i Norden og elles i verda, fortset forfattaren. (©NPK)

LES OGSÅ:Oda vil ikkje bli brukt i hatpropaganda

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE