Forfattaren har sendt fråsegn til Hordaland fylkeskommune i høyringa om Vestlandsregionen. 

mm

Det var Noregs Mållag som informerte om saka på Facebook-sida si søndag ettermiddag. Fråsegnet er kort og tydeleg.

«Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsken, og nynorsken er utenkjeleg utan Vestlandet, så om ein del av Noreg, dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skal bli til ein vestlandsregion, ja til Vestlandet, ja så seier det seg sjølv at nynorsk må vera administrasjonsmålet på Vestlandet og at skriv ifrå den norske staten til Vestlandet må vera på nynorsk.

Om ikkje, ja så er det som om heile vestlendingen legg frå seg heile vestalandsidentiteten sin og gjer seg til austlending. Skam vøre.»

Du kan også seie meninga di om avtalen for Vestlandsregionen, her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE