Startar opp feministisk forlag

Forlaget Brød og roser skal gi det norske publikummet feministisk litteratur, med kvinnekamp som motivasjon.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag 03. september annonserte Madeleine Schultz og Jenny Dellegård at dei har starta eit feministisk forlag: Forlaget brød og roser.

– Det skjedde av heilt egoistiske grunnar, sidan me begge sakna fleire feministiske bøker (på norsk) i bokhyllene. Ord er makt, og skal ein ha noko gjort må ein gjera det sjølv, skriv Schuktz i eit Facebook-innlegg om forlaget.

I ei melding til Framtida.no utdjupar ho, og fortel at idéen kom etter ho hadde drive Feministisk Leseliste med Deichman i eit halvår. Ho var frustrert over at enkelte av bøkene ikkje lenger var i produksjon.

– Viktige bøker for kvinnehistoria, som Vinterbarn av Dea Trier Mørch. Jenny på si side var frustrert over at det var ein del utanlandske feministiske bøker, som dei store forlaga ikkje gadd omsetje til norsk, seier ho.

Namne-arv

På heimesidene deira står det at dei vil løfta både kjende og ukjende stemmer, og at dei skal gi ut bøker som bidreg i kampen for alle kvinner si økonomiske frigjering (brød), og for fridom, kjærleik og solidaritet (roser).

Namnet og målsetjinga er henta frå ei radikal og samfunnskritisk kvinneorganisasjon som vart stifta i 1976, av ei utbrytargruppe frå Kvinnefronten, i tillegg til å vera eit uttrykk frå kvinner sin arbeiderkamp i USA.

– Det er sikkert mange som kjenner igjen namnet, me lovar å passa godt på arva me byggjer vidare på, skriv Schultz vidare.

I ei verd der ulikskapane berre aukar, synest eg absolutt det er eit relevant namn å bringa tilbake.

Omset feministisk litteratur

Ho fortel at dei har vald namnet fordi dei er opptekne av å gi plass til stemmer som set søkelyset på korleis feminisme kan vera eit frigjeringsprosjekt for spesielt utsette grupper.

– I ei verd der ulikskapane berre aukar, synest eg absolutt det er eit relevant namn å bringa tilbake.

I første omgang skal dei jobba med å omsetje feministisk litteratur til norsk. Dei kan fortelje at dei allereie har signert rettane til ei bok.

– Me skal gi ut «Feminism for the 99%» av Nancy Fraser på norsk, avslører Schultz.

Har brukt eigne sparepengar

Dei to gründerane har mykje journalistisk og forlagserfaring, men har også rukke å gjera mykje innanfor feltet feminisme.

Jenny Dellegård er mellom anna skribent og redaksjonsmedlem i Tidsskriftet Fett og aktiv i det feministiske bookingkollektivet Femme. Schultz har tidligare skrive F-ordet saman med Marta Breen og Jenny Jordahl. I 2013 lanserte ho det feministiske nettmagasinet for ungdom, Under Arbeid og ho har vore organisasjonssekretær for Kvinnefronten.

Foreløpig er det ikkje ein fulltidsjobb, men heller eit eldsjel-prosjekt. Dei jobbar på kveldane når ungane har lagt seg, og har brukt eigne sparepengar for å oppretta AS.

– På sikt håpar me at me kan få litt støtte for det me håpar blir eit viktig bidrag til det norske ordskiftet, seier Schultz til Framtida.no.

Les også om Linn som lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet

– Eg vil få folk til å le først og tenkje etterpå, seier Linn Isabel Eielsen (18).