For feit feminismebok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir sagt at ei ny bølgje av feminisme er på veg, men det er neppe F-ordet som er i spissen.

F-ordet hevdar ho er ei sjølvhjelpsbok. Med god gamaldags propaganda, ein dose hat og moralske overtydingar skal boka hjelpa deg å henta fram den indre feministen din. Noko som sjølvsagt berre fungerer om feministen i deg allereie er der. Eksisterer den ikkje i utgangspunktet, er det lite denne boka kan gjera noko med det.

Les fleire bokmeldingar her!

Ifølgje forfattarane skal feminisme virka som eit par ekstra sterke briller du kan sjå samfunnet, utfordringane og løysingar litt klarare med. Men er det nødvendig å sjå alt? Det er interessant å lesa om den feministiske historia på 1-2-3, om kvinna som har kjempa for rettane sine og å oppdaga nye aspekt ved feminismen. Men etter 20 sider har ein skjønt poenget, resten er overflødig. Godbiten i boka, dei 155 grunnane til å vera feminist, kjem ikkje før heilt til slutt, og ein angrar på at ein ikkje starta på slutten og droppa resten. Teiknseriane er visuelt kule, men blir for ekstreme og misser humoren. Forslaget om at gutar skal bruka penishaldar (PH) kunne vore morosamt. Diverre blir det heile ganske trist.

LES OGSÅ: – Eg(o) treng ikkje feminisme

Boka prøver å synleggjera det vanskelege ved å definera ordet feminist, men det blir likevel ikkje problematisert godt nok. Etter å ha lest boka verkar det enda vanskelegare å skulle kalla seg feminist. Ein må meina noko om det meste, og hata så mykje. Unge, usikre feministspirer ser ut til å vera målgruppa for «F-ordet» som, trass i å vera innbydande og kreativt løyst, neppe når ut til massane.

«F-ordet» gapar for høgt, som om feminismen skal eiga alt av samkjensle. Det er vanskeleg å kortfatta dekka tema som incest og seksuelle overgrep, og den direkte tilknytinga til feminisme blir for vag her. Boka kunne med fordel gjort som ei undertrykt kvinne; slanka seg nokre kilo og framheva kvalitetane sine.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

For all del, det er viktig å spreia kunnskapen «F-ordet» byr på, og mange av oss hadde nok hatt godt av å vekka den indre feministen i oss av og til. Men dei gode poenga og interessante aspekta kjem ikkje godt nok fram. Boka blir for lik ein propagandakampanje til at den kan overtyda ein som i utgangspunktet er skeptisk. «F-ordet» ønskjer å gjera noko nytt, men sit fast i gamle fordommar. Verda treng framleis feministar, men den treng ikkje «F-ordet».

Les meldinga på Universitas!

LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?

Faktaboks

Tittel: F-ordet
Forfattarar: Marta Breen, Madeleine Schultz og Jenny Jordahl
Forlag: Forlaget Manifest (2015)
Lengd: 232 sider