Finland vil kutte import av soya

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er å ha slutt på soyabasert fôr i Finland innan 2050.

Det er jordbruksminister Jari Leppä, i partiet Centern, som kjem med forslaget. Han meiner at import av soyabasert fôr kan fjernast heilt, ved å leggja til rette for meir dyrking av proteinrike kornsortar.

Det var Nationen som først omtala saka i Noreg.

Jordbruksminister i Sverige, Jari Läppa. Foto: Laura Kotila/Den finske regjeringa

Les også meininginnlegget til Knut (18): – Noreg, krev Amazonas-vern!

Sjølvforsynt med protein

I følge Leppä kan ein fjerna soyaimporten gjennom å dyrka bondebønner på 80.000 hektar, skriv Svenska Yle. Dette er mindre enn fire prosent av den dyrkbare jorda i Finland, i følge jordbruksministeren.

– Me er på veg i rett retning når det gjeld klimaendringar og mattrendar. Me har stort potensial i proteinrike vekstar. Viss me klarar å vera sjølvforsynte med protein ville det støtte lønsemda i landbruket, seier Lëppa.

Les også: Bønder sluttar seg til skulestreiken: – Vi krev klimahandling

Gunnleik Mæland stiller seg bak skulestreiken sine krav om klimatiltak, og legg difor ned arbeidet fredag 30. august. Foto: Katherine Kinn