Ein skule der alle elevar lykkast

Sandra Edith Tenud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fyrste skuledag for mange spente fyrsteklassingar er ferdig. Nye skulesekkar er innkjøpt, penalhusa er fylt med blyant. Foreldre står igjen på utsida av skuleporten med forventingar om alle moglegheiter bornet deira skal få.

Dessverre vil kvar fjerde elev som gjekk inn porten fyrste skuledag, statistisk sett droppe ut av skulen før dei er ferdigE.

Dessverre vil kvar fjerde elev som gjekk inn porten fyrste skuledag, statistisk sett droppe ut av skulen før dei er ferdige. Kvart år er det femten tusen menneske som ikkje blir ferdige med utdanninga si, som ikkje har noko å falle tilbake på.

Store ambisjonar for alle elevane

Eg stiller til val for Arbeidarpartiet fordi eg har store ambisjonar på vegne av alle elevane våre. Kvar enkelt elev skal bli sett, få moglegheiter og nå dei måla dei sjølv ynskjer. Men for å få til dette må vi leggje til rette for det, og i dag gjer vi ikkje det i stor nok grad.

Vi treng ein skule som ser heile eleven.

Vi treng ein skule som ser heile eleven. Det er jo openbert at om ein kvar dag møter opp på skulen utan matpakke, går det utover læringa og trivselen. 50 000 elevar møter opp kvar dag utan å ha med skulemat. Det er ikkje godt nok i verdas rikaste land.

Difor går vi i Arbeidarpartiet til val på at alle elevar skal få eit gratis skulemåltid på skulen. I Sogn og Fjordane foreslo Arbeidarpartiet å innføre gratis skulefrukost for alle elevar i den vidaregåande skulen, men vart nedstemt av høgresida saman med Senterpartiet. I Hordaland har gratis skulefrukost bidrege til at elevar har fått ein god, sunn og betre start på dagen der fleire har fullført vidaregåande. Mette elevar lærer best.

Mette elevar lærer best.

Vil betre skulehelsetenesta

Vi veit også at trygge elevar lærer best. For mange elevar går i dag på skulen med ein klump i magen, på skulen blir dei møtt av mobbarne som ødelegg dagen og potensielt framtida dykkar. Mobbing er eit samfunnsproblem og barn som blir mobba lærar mindre og er meir utsatt for sjukdom og problem seinare i livet. 

Vi må få slutt på mobbinga for at alle elevar skal med. Difor vil Arbeidarpartiet betre skulehelsetenesta som er ein trygg stad for mobbeofra å gå med sine problem. Vi vil gje skulehelsetenesta midlane dei treng, for å følgje opp og hjelpe dei som er utsatt for mobbing.  Vi skal etablere beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar og sikre at alle kommunar kan nok om mobbing, slik at dei kan få stoppa mobbinga på skulane.

Dette valet handlar om noko så viktig som vår felles framtid.

Vi i Arbeidarpartiet skal skape verdas beste skule, for stor og for liten. Dette valet handlar om noko så viktig som vår felles framtid.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Les også om: «Helsebrødre som ikke er brødre»: – Kall meg kva du vil

Helsesjukepleiarstudentane Ørjan Bergfalk og Carlos Landberg har berre positive erfaringar med å vere menn i helsevesenet. – Pasientar antar gjerne at du er veldig flink, utan at du har fortent det – altså heilt i starten.