Store lønsgap mellom kjønna i Kommune-Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.09.2019 11:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskjellane kjem mellom anna av at menn oftare har godt betalte leiarjobbar i privat næringsliv og at kvinner oftare jobbar deltid.

Tal som DN har henta inn, viser at menn tener 50 prosent meir enn kvinner i 115 av kommunane, målt i bruttoinntekt, altså inntekt før betaling av skatt.

– Tala er bekymringsfulle

I kommunar der forskjellane er størst i «favør» menn, er det ofte lågast del kommunale tilsette. I dei to kommunane der kvinner tener meir enn menn, er over 60 prosent av befolkninga offentleg tilsette.

Kvinner jobbar meir deltid, og tener omtrent det same som mannlege deltidsarbeidarar. Heiltidsarbeidande kvinner tener samtidig 11 prosent mindre enn deltidsarbeidande menn, basert på berekningar frå Statistisk sentralbyrå. Byrået har estimert kva deltidsbetalingar utgjer i årslønn.

– Det er viktig å sjå bak tala, og kva dei kan føre til. Tala er bekymringsfulle fordi deltidsjobbar gir lite pensjon å leve av, spesielt viss ein lever åleine, og spesielt mange kvinner risikerer å bli minstepensjonistar, seier Åsta Lovise Einstabland, leiar og seniorrådgivar ved Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, til avisa.

Størst skilnadar i Herøy

Fiskeri- og offshorekommunen Herøy på Sunnmøre er ein av kommunane der lønsskilnadene er aller størst. Her tener menn 82 prosent meir enn kvinner.

– Eg vil ikkje bruke fem minutt i jobben min på å bygge ned offshorenæringa for at vi skal ta oss betre ut på statistikken, seier Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy.

Høgre-ordføraren meiner lokalsamfunnet skal vere stolt over å ha skapt store reiarlag innan fisk og offshore, trass store lønnsforskjellar i kommunen.

– Eg er ikkje redd for å seie at eg er stolt over tradisjonane i samfunnet og håpar vi kan ta det med vidare. Reiarane, på si side, har skapt verdiar og arbeidsplassar som er med på å utvikle lokalmiljøet, seier Goksøyr.