Kjønnsubalansen i idretten


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I den verkelege verda får menn lov å trene kvinner, men uskrivne reglar har gjort det slik at kvinner ikkje får trene menn. Mangel på kompetanse er ikkje akkurat eit spesielt godt argument når kvinnefotballen gjer det mykje betre internasjonalt enn herrefotballen. Noreg si eiga Ada Hegerberg er i målscorartoppen i Champions Leauge. Når kunne vi sist seie det om ein mannleg, norsk fotballspelar?

LES OGSÅ: Manchester United dannar endeleg kvinnelag

Kva er det som stoppar oss?

Men den skeive kjønnsbalansen gjeld ikkje berre i fotball. Vinter OL er eit par månader bak oss, og også der finn vi at kvinner ikkje får same moglegheiter som menn. Kvinner får enno ikkje lov å hoppe i stor bakke i OL. Kvinner får ikkje lov å gjere taklingar i ishockey, medan gutar får denne moglegheita når dei fyller 12 år. I langrenn konkurrerer menn på distanse opp til 50 km, medan kvinnene si lengste distanse er 30 km. Er desse grensene sett opp fordi kvinner ikkje kjenner at dei maktar like reglar som menn? Nei!

I kampsport ordnar ein reglar utifrå vektklasser og om ein går kampar på amatør- eller proffnivå, ikkje på bakgrunn av kjønn. I triatlon er distanse og reglar også like for kvinner og menn. Det er altså mogleg å regulere idrettsgreiner likt for begge kjønn. Kva er det då som stoggar oss frå å gjere framsteg i likestillinga i idrett?

Menn bestemmer i idretten

Internasjonale idrettsforbund har ofte overrepresentasjon av menn i styra sine. Samstundes som eit typisk historisk syn på kvinner er den fysiske underlegenheita. Kvinnekroppen som skjør gjekk ikkje inn i fortida samstundes som kvinna fekk lov å flytte ut frå kjøkkenet. Sjølv om store delar av verda har godteke kvinner som leiarar, er det likevel noko med kvinner sin kropp som ikkje når heilt opp i likestillingsdebatten.

Seksualisering av kropp, og spesielt kvinnekropp, er stadig på agendaen. Men seksualisering er ikkje kvinner sitt einaste problem når det kjem til kroppssyn. Menn som bestemmer i idretten tenkjer framleis at kvinner er (relativt) svake. Sjølv når idrettskvinnene sjølv ynskjer å endre reglar for eiga idrettsgrein. Korleis kan vi endre dette?

Idretten må inkluderast i likestillingsdebatten

Litt av svaret er at vi må byrje å inkludere kjønnsubalansen og kjønnsdiskrimineringa i idretten, når vi snakkar om likestilling. Ingen samfunnsendring har vel kome utan at nokon har kjempa for det? Litt av svaret er den evinnelege haldningsendringa. Kvinner er ikkje svake, og vi må høyre på kva kvinner i den einskilde idretten sjølv ynskjer – ikkje halde på forelda kroppssyn. Og så er det kanskje ein idé å kjempe for kjønnsbalanse i idrettsforbunda sine styrer også.

Kvinner er ikkje svake, og vi må høyre på kva kvinner i den einskilde idretten sjølv ynskjer – ikkje halde på forelda kroppssyn.

Få også med deg historia om dei kvinnelege skihopp-pionérane i Noreg!