Kommunevalet: Kvinnedelen uendra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som NTB har gjennomgått.

Delen kvinner som stiller til val, er så å seie uendra frå førre kommuneval. Hovudtrenden er at jo lenger ut på høgreaksen ein kjem, jo færre kvinner står på listene.

Frp botnar statistikken med totalt 28 prosent kvinnelege kandidatar. På topp ligg SV med 55 prosent kvinner.

Éin av tre i Høgre

Høgre ligg eit hakk over regjeringspartnar Frp med ein kvinnedel på 36 prosent, det same som Pensjonistpartiet. Det vil seie at nesten to av tre av kandidatane til partiet i kommunevalet er menn.

Senterpartiet har 41 prosent kvinner på listene sine, medan Venstre og KrF har høvesvis 43 og 44 prosent.

Ap, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har alle ei temmeleg lik kjønnsfordeling med 48–49 prosent kvinner.

I sum er kvinnedelen blant alle kandidatane ved kommunevalet 43 prosent. Det er ein auke på beskjedne 0,3 prosentpoeng samanlikna med valet i 2015, ifølgje SSB.

Geografiske forskjellar

Statistikken viser òg at det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld den totale delen av kvinnelege kandidatar på vallistene. I botn ligg Hægebostad i Vest-Agder med 27,7 prosent, medan Modalen i Nord-Hordaland ligg på topp med drygt 55 prosent.

Berre ti av dei 356 kommunane i landet har ein del på 50 prosent kvinnelege kandidatar eller meir.

Av dei større byane kjem Stavanger best ut med ein kvinnedel på drygt 52 prosent. I andre byar er delen som følgjer: Oslo 44 prosent, Bergen 40 prosent, Trondheim 42 prosent og Tromsø 46 prosent.

Forskjellar internt

Også internt i dei enkelte partia er det store forskjellar på kor mange kvinner som stiller til val i dei ulike kommunane.

I sju kommunar – Sigdal, Nore og Uvdal, Hægebostad, Sokndal, Vindafjord, Midtre Gauldal og Overhalla – er det null kvinner på Frps lister, medan blant dei 16 som står på lista på Nesodden, er berre éi kvinne. I Sauda er derimot fem av åtte kandidatar kvinner, ein del på 62,5 prosent.

Høgre har ingen kvinner i det heile på listene i fem kommunar – Nord-Odal, Åmli, Meråker, Sømna og Karlsøy. På Dyrøy er derimot fem av dei åtte kandidatane til partiet, 62,5 prosent, kvinner.

Arbeidarpartiet har 66,6 prosent kvinner på listene i Iveland og Bokn, men berre litt over 21 prosent på Høylandet.

Senterpartiet har ein kvinnedel på 12,5 prosent på Jevnaker, og 62,5 prosent i Grue.

KrF har null kvinner i Skiptvet, men ein kvinnedel på i underkant av 78 prosent i Nord-Fron.

Venstre bikkar så vidt ein kvinnedel på 11,5 prosent i Malvik, men har til gjengjeld 80 prosent i Porsanger.

I same kommune får SV ein kvinnedel på 86 prosent. I Stryn er derimot delen på 22 prosent.

SV mest kvinnetung

SV er elles partiet med desidert flest kvinnetunge lister: I 198 av dei 241 kommunane der partiet stiller med lister, utgjer kvinner halvparten eller meir av kandidatane.

Tala viser motsett tendens i Frp: Berre i 13 av 249 kommunar med Frp-lister er kvinnedelen 50 prosent eller meir. I 147 kommunar er delen 30 prosent eller mindre.

Heller ikkje Høgre kan skryte på seg ei kvinnesatsing: I berre 24 av dei 311 kommunane der partiet stiller med lister, er halvparten eller fleire kvinner, medan kvinnedelen er 30 prosent eller lågare i 85 av kommunane.

Ap har ein kvinnedel på 50 prosent eller meir i 152 av 348 kommunar.

Nilofar Nori er landets yngste ordførarkandidat. Foto: Privat