Raudt vil endra Grunnlova: Vil innføra borgarforslag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 03.09.2019 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimastreiken er eit uttrykk for det enorme folkelege engasjementet for å få ned klimautsleppa og ta vare på miljøet. Samtidig ser me at dette engasjementet dessverre ikkje er like stort på Stortinget, seier nestleiar Marie Sneve Martinussen til Framtida.no.

Rett før sommaren fremja Raudt eit forslag på Stortinget om å innføra ei ordning for borgarforslag, som liknar ordninga som vart innført i Danmark i fjor.

Har allereie liknande ordning i kommunar og fylke

Med forslaget vil det bli høve til å fremja forslag som blir behandla på Stortinget dersom dei får nok underskrifter, til dømes to prosent av alle med stemmerett.

– Raudt har foreslått at me skal innføra ei liknande ordning på nasjonalt nivå som me har med innbyggarinitiativ i kommunestyre og fylkesting. Dette har dei òg i Danmark. Der bidrog det til at førre val blei eit skikkeleg klimaval, og at landet ligg an til å få ein mykje meir ambisiøs og rettferdig miljøpolitikk, seier Martinussen.

LES OGSÅ: No kan du senda saker til kommunestyret på mobilen

Populært i Danmark

I Danmark har det meste populære borgarforslaget vore å innføra ei klimalov. Det har pressa mange parti til å gå inn for eit slikt tiltak, bidrog til å gjera miljø til det viktigaste temaet i den danske valkampen i sommar, og den danske regjeringa har etter valet forplikta seg til å legga fram ei klimalov i løpet av det kommande året.

– Meir demokrati er ein nøkkel for å handtera klimakrisa. Så lenge makt er så skeivt fordelt som i dag, vinn omsynet til forteneste for storselskapa over klimaomsyn. Viss befolkninga får meir dei skulle sagt, kan det fungera som ein motvekt mot den mektige oljelobbyen, avsluttar Marie Sneve Martinussen i Raudt.

Les intervju: Kristian (23) er ordførarkandidaten til Raudt i Karmøy

Kristian Mateo Norheim er Raudt sin ordførarkandidat i Karmøy. Foto: Privat/Raudt Karmøy