Tittelen som verdsmeister er ikkje berre reservert eineståande sportslege prestasjonar. Du kan delta i VM i både biff, ost og tapas. Eller i konebering i Finland.
NPK- Andrea Sørøy
NPK- Andrea Sørøy

Rekkja av offisielle og uoffisielle verdsmeisterskap vert stadig lengre, og lokalsamfunna i Noreg er ikkje framande for å lage sine eigne meisterskap.

I Vesterålen har dei hatt både VM i støvelkasting og i tungeskjering. Og i Hurdal kan ein delta i VM Spark Utfor, for å nemne nokre.

Barndomsminne vart verdsmeisterskap

Det er ikkje godt å seie kvar ideane til desse litt merkelege meisterskapa kjem frå. I Hurdal spelte barndommen til ordføraren ei vesentleg rolle for oppstarten av VM Spark Utfor, eit meisterskap som i dag har utvikla seg til eit stort og populært arrangement med positive ringverknadar for bygda.

– Ideen kom fordi eg i barndommen brukte spark og kjelke ned traseen som i dag vert nytta i VM-løypa. Å lage eit folke-VM for alle rundt kulturfarkosten spark, kunne passe godt som ein identitetsbyggjar for bygda. Etter å ha lufta ideen med andre, var vi fire stykke som starta «Fraspark i Hurdal», som i dag er blitt til VM Spark Utfor. Det har utvikla seg til å bli eit fantastisk arrangement, seier ordførar i Hurdal kommune Runar Bålsrud.

Ordføraren i Hurdal Runar Bålsrud sine barndomsminne var grunnlaget for eit nytt, lokalt og litt spesielt verdsmeisterskap. Foto: Hurdal kommune

Det er idrettslaget som har ansvaret for å arrangere verdsmeisterskapet. Overskotet frå arrangementet har sidan oppstarten gått til idrettslaget sitt arbeid retta mot barn og unge.

Styreleiar i Hurdal IL Therese Buraas Karlsen til venstre og dagleg leiar Marianne Strand til høgre under VM Spark Utfor. Foto: Henriette Rognlien / Hurdal kommune

– Det er stort engasjement frå lokalmiljøet, både frå skuleelevar på barne- og ungdomsskulen, men òg frå folkehøgskulen i kommunen, kan Marianne Strand, dagleg leiar for Hurdal IL fortelje.

Arrangementet går av stabelen for tiande gong 8. februar i 2020, og talet på deltakarar har meir enn dobla seg sidan oppstarten. Dei som er med, kjem både frå inn- og utland.

– Deltakarane er til dels lokalbefolkning, men mange kjem også frå nabokommunar- og fylke. Vi har også hatt deltakarar frå andre land, frå Tyskland, USA og Nederland. Vinnaren av herreklassen i fleire år har vore finsk, men i år vart han slått av ein lokal helt, seier Strand.

I tillegg til å samle kommunen og skaffe pengar til arbeid retta mot barn og ungdom i lokalmiljøet, har arrangementet gitt sparken ein ny vår. Både barn og unge i bygda nyttar han no i det daglege om vinteren, legg ordføraren til.

Konkurranseinstinkt – sjølv i underlege sportsgreiner

Kva som driv folk til å delta og gå til topps i ulike tevlingar, kan mellom anna forklarast med motivasjonen vi menneska har. Åge Diseth er professor ved Universitetet i Bergen, og er aktuell med boka «Motivasjonspsykologi».

Åge Diseth er professor ved det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen og er aktuell med boka “Motivasjonspsykologi”. Han seier motivasjon ligg til grunn for alle handlingar vi gjer, og at det i konkurransesituasjonar ofte handlar om stoltheit og prestasjonar. Foto: Eivind Senneset / UiB

– Når ein deltek i eit meisterskap vil verdien av deltakinga auke, sjølv om aktiviteten kan virke litt sær og uvanleg. Alle konkurransar eller meisterskap inneheld ein struktur, der deltakaren opplev ein umiddelbar reaksjon på korleis han eller ho har prestert. Reaksjonen eller tilbakemeldinga i sjølve konkurransesituasjonen aukar engasjementet hos deltakaren, og kan gjere han oppslukt, seie han.

Andre faktorar som gjer at folk endar opp som verdsmeistrar i til dømes plystring, er kjensla av meistring.

– Opplevinga av konkurransen gjer at meisterskapet kjenst utfordrande og vanskeleg. Å prestere i ein konkurranse, gir med andre gir ei auka oppleving av eigen kompetanse og meistring. meiner Diseth.

Ønsket om suksess, det å vinne, gir motivasjon. Det fører igjen til glede og stoltheit. Han legg til at behovet vi menneske har for å vise at vi er kompetente og kan prestere, er eitt av dei viktigaste behovet vi har.

Han seier òg at motivasjon er grunnleggjande for alle aktivitetar vi startar på, og at behovet for å vise at vi er kompetente og kan prestere er eitt av dei viktigaste behova vi har. Ein kan sjå på motivasjon som både ønsket om å oppnå suksess, men òg som ønsket om å unngå feil eller dårlege prestasjonar.

Verdsmeisterskapen i spark er òg ei moglegheit til å leike med kreativiteten. Her har to deltakarar kledd seg ut som Darth Vader og ein stormtrooper frå Star Wars. Foto: John Nyborg / Hurdal IL

Biff, brennevin og plystring

Norske deltakarar har utmerkt seg i nokre merkelege VM gjennom tidene, og det er ikkje utenkjeleg at det nettopp er glede og meistring som har motivert dei. Blant nordmenn som har gjort det stort utanfor landegrensa finn vi ein sunnmøring som kom til VM i jojo, ein dataanalytikar som tok sølv i Excel, og ein verdsmeister i plystring.

Noreg har òg eit par titlar i internasjonale verdsmeisterskap i mat. Mellom anna tok ein entrecôte frå Jæren sølv i biff-VM i 2019. Heile 74 av 175 norske ostar tok medalje i oste-VM i Bergen der det var 3.472 påmelde ostar frå heile verda. Ein gin laga med blomar frå vegkanten på Vestlandet har òg vunne dobbelt gull i den uoffisielle verdsmeisterskapen i brennevin.

Det er med andre ord ikkje grenser for kva meisterskap ein både kan delta i og arrangere. Det er kanskje ikkje heilt på linje med prestasjonane til Karsten Warholm, eller dei mange andre sportsgreinene Noreg er kjent for å sigre i, men fint med meistring, heider og ære er det likevel.

Ei etterlikning av Donald Trump utkledd som skurk var blant deltakarane i fjor. Foto: John Nyborg/ Hurdal IL
  • Visste du at utanfor Sjøholmen i Oslo, på mellom 1 og 8 meters djupn, «flyt» tolv undervass-skulpturar? Sjå dei utrulege bileta! 
Oppdatert: tysdag 3. september 2019 08.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE