Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har kysten utanfor Lanzarote og det klare, turkise havet utanfor Mexico til felles med Oslofjorden?

Alle husar dei gøymde skattar frå same kunstnar.

For utanfor Sjøholmen i Sandvika, på mellom 1 og 8 meters djupn, «flyt» tolv undervass-skulpturar laga av den britiske kunstnaren Jason DeCaires Taylor.

Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Klimavenleg kunst

Den britiske kunstnaren håpar at skulpturane skal føre liv tilbake til både fjord og hav, og brukar kunsten som eit oppgjer med forureining av havet og øydelegginga av korallrev rundt om i verda.

Skulpturane i seg sjølve innheld ingen forureinande materiale. Dei er laga av ein PH-nøytral sement og er festa med jarnstenger på ei betongplate i botnen. Målet er at skulpturane skal verte ein så naturleg del av økosystemet i fjorden som mogeleg.

Øyret på ein av skulpturane har vist seg å vere ein god heim. Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Øyret på ein av skulpturane har vist seg å vere ein god heim. Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Taylor håpar skulpturane skal koloniserast – at dei skal gro til av tang og algar, og at fisk og småkryp skal slå seg ned.

Skulpturane vert såleis som naturlege korallrev. Etter nesten eitt år under vatnet, så har naturen verkeleg teke til seg desse kunstverka. Berre sjå forskjellen nokre få månadar kan gjere.

Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater

Les også: Barnslig (27) målar monster over heile Bergen

Ein fridykkar sitt paradis

Skulpturparken er ein del av Sjøholmen Barnekunsthus som offisielt opna 22. september i år.

Endå skulpturane er under vatn er dei ikkje utilgjengelege. Dei er plassert på ulike djupner, og nokre kan ein sjå frå overflata. Elles er det mogeleg å dykke eller snorkle til dei – eller til og med padle forbi på ei flytemadrass med vindaugspanel.

Fridykkar og fotograf Morten Sætrang Haakonsen har vitja skulpturparken fleire gongar. Han har gjeve Framtida.no løyve til å publisere dei utrulege bileta hans.

Sjå også Instagram-profilen til Haakonsen for fleire undervassbilete!

 

 
 
 
Se dette innlegget på Instagram
 
 
 

 

Et innlegg delt av Morten Sætrang Haakonsen (@mortenunderwater)

Sjå video av at skulpturane vart senka her!

Les også: Visste du dette om havet?