«Klimaproblemet er den største utfordringa menneske nokon gong har stått ovanfor, men éin ting er sikker: Greta jobbar med saka. Ikkje ved å gje oss falskt håp, men ved å få oss til å forstå at vi må redde oss sjølv,» skriv Ella Marie Hætta Isaksen.

Teksten stod først publisert hjå Boktips.no, og er sett om til nynorsk og gjengiven med løyve frå Cappelen Damm.

Ella Marie Hætta Isaksen har skrive forordet til «Streik for klimaet», boka som samlar eit utval av talene til Greta Thunberg.

For ein miljøaktivist kan kvardagen ofte kjennast umogeleg. Kvar dag gjennomfører ein små oppgåver som igjen hjelper oss nærmare hovudmålet. Ja, akkurat som på alle andre arbeidsplassar. Men når hovudmålet er «å redde verda», kan det vere vanskeleg å finne tilstrekkeleg med meistringskjensle og motivasjon til å halde fram kampen.

I ein slik kvardag, som min då eg jobba i Natur og Ungdom, er det ikkje ei overdriving å seie at det kjennest som om Greta Thunberg dukka opp som ein reddande engel. Eller som ein superhelt. Riktignok er vi ikkje redda heilt enno, klimaproblemet er den største utfordringa menneske nokon gong har stått ovanfor, men éin ting er sikker: Greta jobbar med saka. Ikkje ved å gje oss falskt håp, men ved å få oss til å forstå at vi må redde oss sjølv.

Nyfødde klimaheltar finn du no over heile landet

Gretas ord og engasjement har vekt mange. Nyfødde klimaheltar finn du no over heile landet, streikande utanfor sine lokale rådhus. Ungdom er redde for framtida, og frustrasjonen over å ikkje verte høyrde er til å ta og føle på under skulestreikane. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Noreg sine utslepp har auka også i år. Samstundes kjem Erna Solberg til skulestreiken med ei tale om at «vi gjer nok». Det er ikkje rart skulestreikarane er frustrerte.

Eg lurer på korleis det står til med samvitet til verdas leiarar etter å ha høyrt Greta snakke. For Erna Solberg kan då umogleg forlate skulestreiken heilt urørt. Der stod vi, tusenvis av ungdom, og skreik til ho at ho ikkje gjer ein god nok jobb. Ho må i det minste ha gått derifrå med eit bittelite spørsmålsteikn i hovudet: «Kanskje har dei eit poeng?». Eg veit naturlegvis ikkje kva Erna tenker, men eg veit at Greta har sett i gang tanker. Fleire og fleire innser alvoret i klimakampen, og gjev slepp på si eiga lukkelege ukunne.

Fleire og fleire innser alvoret i klimakampen, og gjev slepp på si eiga lukkelege ukunne

Miljørørsla har lenge vorte skulda for å vere dommedagsprofetar. Eg har ofte følt at eg må tone ned meiningane mine for å ikkje skremme vekk potensielle rekruttar til klimakampen.

Men no verkar det som om noko er i endring. Kanskje er det på grunn av den ekstremt varme sommaren i 2018, fleire hårreisande klimarapportar, eller auka bevisstheit om plast i havet? Kanskje er det Greta Thunbergs forteneste? Kanskje er det ein miks av dette som har skapt ei  bevisstheitsendring i samfunnet. Plutseleg er det rom for at miljørørsla snakkar rett frå levra. Vi slepp å leite etter alternative vinklingar, for samfunnet er modent for å høyre sanninga. Og det er få som forteller sanninga så godt som Greta Thunberg.

Kvifor skal vi med nebb og klør prøve å rettferdiggjere våre eigne handlingar? Nei, då er det betre å endre handlingane våre til det vi veit er rett.

Aktivisme er kompromissløyse – å gjenta den same bodskapen om og om igjen, fordi vi veit at vi har rett. Kompromissløysa Greta Thunberg og skulestreikane symboliserer har ikkje berre rekruttert nye miljøaktivistar, den har også inspirert meg til å ta grep i min eigen kvardag. Sjølv om eg med mi fartstid i Natur og Ungdom godt veit at jorda lir under mitt forbruk av salamipølse, var det Greta sine ord som fekk meg til å love meg sjølv å aldri kjøpe kjøt i butikken igjen.

Ein treng ikkje vaksne ord for å forstå klimakrisa

Eg innsåg at eg har det betre med meg sjølv når eg ikkje har dårleg samvit. For det dårlege samvitet prøver å fortelje med noko. Kvifor skal vi med nebb og klør prøve å rettferdiggjere våre eigne handlingar? Nei, då er det betre å endre handlingane våre til det vi veit er rett.

Det brenn eit bål i hjarte til alle miljøaktivistar. Det er naturleg at det bålet sloknar nokre gongar, men når det gjer det, så kan vi no lytte til Greta. For hennar bål ser ut til å vekse og vekse. Greta har klart det tallause aktivistar, politikarar og miljøorganisasjonar har prøvd på tidlegare: å verte høyrt. Ho snakkar frå hjartet, utan komplisert språk og ordforråd. For det trengst ikkje. Ein treng ikkje vaksne ord for å forstå klimakrisa. Det er ei menneskeskapt krise som menneske må reversere. Det er løysinga. Punktum.

Takk, Greta, for at du minner oss på det.

Oppdatert: tysdag 3. september 2019 08.28

Kommentarar

ANNONSE