– Det er heilt naudsynt at kommunane tek ansvar
Berre 30 prosent av lokalpartia har eit vedteke mål for kutt i klimagassutsleppa. Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sveinung Rotevatn, oppmodar kommunane til å ta i bruk klimaverkemiddel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er heilt naudsynt at kommunane tek ansvar dersom vi skal lukkast med å gjere Noreg til eit lågutsleppsamfunn, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevatn (V) i ein e-post til Framtida.no.
Onsdag melde Framtida.no at heile 7 av 10 lokalparti ikkje har vedteke mål for kor stor del av klimagassutsleppa frå kommunen dei vil kutte.
Samstundes har regjeringa sett som mål å redusere utsleppet av klimagassar med minst 40 prosent innan 2030, samanlikna med 1990.
– Dette er verkeleg ille. Det må kallast eit demokratisk problem, var Carlo Aall, professor og klimaforskar ved Vestlandsforsking, sin reaksjon på tala.
Tala kom fram i ei undersøking Framtida.no har laga i samarbeid med Landslaget for lokalaviser, Energi og Klima og ABC Nyheter, med svar frå 800 toppkandidatar til det komande kommunevalet.
Må bruke klimaverkemidla
Statssekretær Sveinung Rotevatn understrekar at alle kommunar bør setje seg ambisiøse mål for utsleppskutt.
Han manar kommunane til å nytte verkemidla dei har for å få til kutta:
– Livet levast i kommunane, og utsleppa skjer der. Kommunane planlegg arealbruken, yter tenester, utøver myndigheit og kjøper inn varer og tenester. Dei har heile kommunebudsjettet som klimaverkemiddel, og må bruke det, slår Rotevatn fast.
Statssekretæren viser til dei statlege planretningslinene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing, som mellom anna seier at kommunane skal styre og planlegge på ein slik måte at det bidreg til reduksjon av klimagassutslepp og miljøvennleg energiomlegging.
Samstundes trekker han fram klimagasstatistikken Miljødirektoratet fører, og verktøyet som er tilgjengeleg for å rekne ut utsleppseffekten av ulike klimatiltak:
– Eg vil oppmode alle kommunar om å bruke dette verktøyet til å setje seg ambisiøse og realistiske klimamål, understreker Sveinung Rotevatn.
- Er Arendal kommune eit klimaførebilete? Der skal bildeling og sykkelgodtgjersle kvele utsleppa frå transportsektoren.