Lokalpolitikarar ber rikspolitikarar vere betre rollemodellar i kampen mot hat og netthets

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er trass alt ikkje generasjonen vår som er problemet, det er deira, sa KrFU-leiar Martine Tønnessen vendt til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

I ei nyleg undersøking blant politikarar sa nesten halvparten at dei unngår å ytre seg om spesielle tema i frykt for netthat. Tysdag hadde Mæland invitert til dialogmøte med ungdomspolitikarar og lokalpolitikarar. Ho håpte møtet skulle resultere i konkrete råd, og det fekk ho. Fleire nemnde skjerpa politiinnsats, hjelp til meldingar og betre støtteapparat som viktige tiltak for å få bukt med eit problem som har auka kraftig dei siste åra.

– Det er trist for generasjonen vår at dette har vorte ein naturleg del av det å engasjere seg, sa leiar av Sosialistisk Ungdom, Andreas Sjalg Unneland.

– Den store frykta mi er at denne normaliseringa førar til at mange unge resignerer, dei vil ikkje gå inn i politikken. Det blir ein spesiell type menneske som orkar å ta kostnaden, la han til.

LES OGSÅ: Politikarar unngår å ytre seg av frykt for netthat

Drapstruslar mot AUF-arar

Etter 22. juli-angrepet har truslar og hatefulle ytringar ikkje minst ramma AUF-politikarar.

– Aldri før i historia har offer for terror mottatt så mange drapstruslar som overlevande etter 22. juli. Det er heilt unikt at det er så konsentrert, sa AUF-politikar Jan Halvor Vaag Endrerud.

Under skuledebattane i 2017 vart truslane så mange mot dåverande AUF-leiar Mani Hussaini at politiet ringde og bad han avbryte valkampen, ifølgje Endrerud.

– Det enda med at 20-åringar måtte gå rundt med jernparaplyar i tilfelle noko skjedde, sa Endrerud.

LES OGSÅ: 5 råd for vaksne – og 5 råd til barn og unge om god debattkultur

Kommunalminister Monica Mæland (H) saman med Oslo-byråd Lan Marie Nguyen Berg (MDG) og ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes (KrF) som begge har opplevd mengder med truslar og hatefulle ytringar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

– Verre for andre

Møtet vart innleidd av to lokalpolitikarar som begge har opplevd mengder med truslar og hatefulle ytringar: Oslos byråd for miljø og samferdsel Lan Marie Berg (MDG) og ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

– Som politikar må eg tole kritikk, men det er ikkje dette det handlar om. Eg unner ingen å bli møtt av ei postkasse og ei Facebook-side full av hat, sa Berg.

– Det eg sjølv har opplevd, gjer meg endå meir bekymra for kva andre opplever, sa Berg, som viste spesielt til unge samfunnsdebattantar utan nokon organisasjon i ryggen.

MDG-politikaren var blant dei som bad regjeringsmedlemmene passe betre på korleis dei omtaler andre på nettet.

– Dei må tenkje på kva slags karakteristikkar dei byggjer opp om. Latterleggjering utviklar seg til hets, fastslo ho.

LES OGSÅ: Ali Hamza vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

Vegrar du deg for å delta i offentleg debatt på grunn av netthets?

Vegrar du deg for å delta i offentleg debatt på grunn av netthets?

Ja3
Nei12
Veit ikkje5
Svar totalt: 20

– Ikkje hardhuda

Også Byrknes kunne fortelje om ei postkasse full av hatefulle brev og truslar etter at ho i 2015 engasjerte seg i flyktningsaka og sa ja til eit statleg mottak for mindreårige flyktningar.

– Eg er ikkje hardhuda, eg er eit vanleg menneske, og dette gjekk veldig inn på meg, sa ordføraren, som no unngår å ytre seg politisk på Facebook.

Ho har òg vore nær ved å seie nei til attval denne hausten.

– Det avgrensar meg, og det er veldig trist. Det er ei nederlagskjensle, sa Byrknes.

Både Byrknes og fleire av dei andre av møtedeltakarane bad om at hat og truslar på nettet blir eit større tema på skulen. Det er blant innspela Mæland tar med seg.

– I dag har vi hatt eit godt møte. Mange av deltakarane har personlege erfaringar som har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Vi har òg fått inn mange konkrete innspel, mellom anna at hatefulle ytringar må inn i skulen, at temaet må bli ein del av folkevaltopplæringa, og at vi må få på plass eit sentralt apparat rundt ungdomspartia, seier Monica Mæland til NTB.

LES OGSÅ: Mani Hussaini: – Eg elskar usemje, eg er jo politikar. Men dette var noko anna.

Mani Hussaini har opplevd netthets på kroppen og meiner løysinga er å ta til motmæle og å tella til ti. Her på Arendalsuka. Foto: Ingvild Eide Leirfall