Første skule på Vestlandet sertifisert mot doping
Som den første skulen på Vestlandet, er Slåtthaug vidaregåande skule på Nesttun i Bergen sertifisert mot doping.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Doping har blitt eit stort samfunnsproblem. Slåtthaug har teke viktige grep. Eg vil gje ros for at skulen er aktiv i denne samanhengen, sa fylkesordførar I Hordaland, Anne Gine Hestetun, då ho overrekte ein plakett til rektor Magnhild Hakestad som eit synleg teikn på at skulen er sertifisert som «rein skule», fortel Hordaland fylkeskommune.
LES OGSÅ: Cannabis: Fleire yngre brukarar, sterkare dop og fleire til behandling

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Foto: Hordaland arbeidarparti
Nulltoleranse
Hakestad sa at skulen har nulltoleranse for doping og har teke viktige grep for å motverka dette. Ho lova også at skulen vil halda fram med dette arbeidet og hjelpa elevane til å få gode haldningar og til å ta rette val i høve til kosthald og trening.
Hordaland fylkeskommune har i mange år hatt eit tett samarbeid med Antidoping Norge. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun meiner lokal mobilisering mot doping også er noko det bør satsast vidare på i nye Vestland fylke.
LES OGSÅ: Ungdata: Fleire ungdommar bryt reglar, skulkar og røykjer hasj