Tusenvis av meldingar er delt under #PrayforAmazonia på Twitter etter over to veker med skogbrannar i Amazonas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag eksploderte delinga av emneknaggen på Twitter. Måndag vart Sao Paulo mørklagt etter at sterk vind førte med seg røyk frå skogbrannane i Amazonas, omlag 2700 km unna, og NASA melder at dei ser røyken frå verdsrommet.
Folk reagerer med med sjokk, frykt og avsky for president Jair Bolsonaro sitt manglande engasjement for å stansa skogbrannane i kanskje verdas viktigaste økosystem.
some parts of the amazon rainforest have been burning for 16 days!
smoke can even be seen from space & is plunging its city into darkness. after environmental regulations were lifted by the bolsonaro govt, farmers & loggers are burning forests to clear land.#PrayforAmazonia pic.twitter.com/ddq0xDIBP3
— freyr (@sunfloweraidil) August 21, 2019
Amazonia is not just something from Brazil, it is our planet, the only one we will live in and the one we will leave for future generations. It is our grain of sand!#PrayForTheWorld #PrayforAmazonia pic.twitter.com/WInmN8eQ2B
— Salem (@Salemelas) August 21, 2019
Presidenten nektar for tala
Ifølge den brasilianske romfartsorganisasjonen INPE har avskoginga auka med 67 prosent i løpet av dei sju første månadane av året.
Skogbrannar har nådd rekordhøge tal og det er registrert godt over 73.000 brannar så langt i år, noko som er ei auke på 83 prosent frå i fjor, ifølge INPE.
Rundt 2253 kvadratkilometer av regnskogen vart øydelagt av menneskeskapte brannar i juli. Dette er 278 prosent meir enn i same periode i 2018.
President Bolsonaro nektar for tala til INPE, og kallar dei løgnaktige, misvisande og skadelege for landet, ifølge Reuters. Det heile toppa seg med at han fekk leiaren for INPE sparka førre veke.
Amazonasskogen har lenge vore trua av brann og nedhogging til fordel for beitemark, soyaplantasjar, jordbruk, gruvedrift, veier og tømmerdrift. I januar kom Bolsenaro til makta og lova å utvikla Amazonas-regionen til landbruk og gruvedrift.
We can’t survive without lungs,
Could earth survive without its lungs? #PrayforAmazonas #prayforamazonia pic.twitter.com/eyMhMZOJ2W— HoomanSantuy (@kahn_ly) August 21, 2019
Lurer du på kven Jair Bolsonaro er? Les meir om han og høgrebølgja i Latin-Amerika her.
Stoppa støtte til Amazonasfondet
Det er utbreidd semje om at Amazonasskogen er heilt avgjerande for å greia å minimera klimakrisa.
I 2008 gjekk Noreg difor inn i ei avtale med Brasil om å redusera avskoginga av Amazonas. Til saman har Noreg betalt 8,3 milliardar kroner til Amazonas-fondet for tiltak som bremsar avskogingen, og det siste tiåret har avskoginga av Amazona vore sett på som verdas største enkeltståande klimatiltak.
I august vart det kjend at Noreg trekker støtta si til Amazonasfondet, etter fleire år med auke i avskoginga. Klimaminister Ola Elvestuen (V) slår fast at Brasil har brote avtalen, ved å leggja ned styret i fondet og stadig tillata meir nedhogging.
Kvart minutt forsvinn ein fotballbane med regnskog, viser satelittbilete frå det brasilianske romforskningsinstituttet INPE.
– Det har aldri vore så ille som no. Det er snakk om avskoging, kutt i miljøorganar sine budsjett og på det politiske og retoriske planet, seier Torkjell Leira, Brasil-ekspert og forfatter av boka «Brasil – kjempen våkner» til Dagbladet.
#Smoke from fires in the #Amazon rainforest, clearly seen by #NOAA20, is absorbing sunlight and cooling the ground while heating the atmosphere. This process is suppressing the formation of clouds.
Learn more: https://t.co/5E0p3EyL42 pic.twitter.com/AYM3ZxPguS— NOAA Satellites (@NOAASatellites) August 13, 2019
Absorberer CO2
Amazonasskogen sin effekt på klimakrisa ligg i at trea absorberer store mengder karbondioksid kvart år, framfor at det blir verande i atmosfæren og bidreg til global oppvarming.
Tidlegare denne månaden fortalde forskarar til Nature Geoscience at Amazonasbekkenet stadig blir mindre effektivt på å ta opp karbon. Dei seier at motstandskrafta til regnskogen mot klimaendringane, kan vera mykje mindre enn ein har trudd.