Maria Angela Martin Alexanderson har ein draum om å dyrke alt ho treng sjølv.

Synne Grimen Hammervoll og Janne Merete Bøyum, Studvest
Synne Grimen Hammervoll og Janne Merete Bøyum, Studvest

Saka vart først publisert i Studvest

– Det har alltid vore viktig for meg å ha planter og slikt rundt meg. Det gjer noko med miljøet og hyggen i rommet. Sjølv om eg berre skal bu ein stad ei lita stund, har det alltid vore viktig for meg å ha det koselig, seier idrettslærestudent Maria Angela Martin Alexanderson.

Rommet hennar på Fantoft er fullt av grønne planter. Mange av dei har ho satt foran vindauget for å gi dei mest mogleg lys.

planter_fantoft_BF_06
Maria Angela Martin Alexandersson viser fram det nye skotet på ei ingefærrot. Foto: Beate Felde

LES OGSÅ: Studenten Hans Heut bur i båt, men har ikkje båtlappen

Nye planter frå dei gamle

Alexanderson fortel at ho har prøvd seg på å dyrke blant anna avokado og mango, men har ikkje hatt hellet med seg. 

– Det gjekk ikkje så bra med dei. Men når sommaren kjem tenker eg å prøve med tomater, seier ho.

Ho fortel óg at ho gror nye planter ut av dei ho allereie har, og viser fram planter som står i vatn i glass og krukker. 

– Eg tek skot frå planter og plantar dei om. Eg skjærer av ein stilk frå planta, set den i vatn, og så byrjar den å gro røtter. Når den får røtter kan du plante den om.

Nokre av plantene ho har på hybelen har ho fått ved å spørje andre om ho kan få eit skot frå plantene deira, som ho deretter har planta om.

Vil dyrke alt sjølv
Alexanderson fortel at det starta med nysgjerrigheit. Ho ville sjå kva som kom av det, og fant ut at plantene beroliga henne.

– Det første eg gjorde om eg hadde vore heime i Sverige eller andre stader, var at eg gjekk rundt og kjente etter om dei var fuktige, om det var komme nye skot. Så ser ein at det har komme noko nytt, og så blir ein glad.

planter_fantoft_BF_03
Målet til Alexanderson er å ein gong kunne dyrke alt ho treng sjøl. Foto: Beate Felde

Sjølv om dyrkinga først og fremst er eit prosjekt for å sjå om ho får det til akkurat no, seier Alexanderson at draumen ein gong er å kunne dyrke alt sjølv.

– Kan eg det, så vil eg jo gjerne det. Det skal bli verkelegheit. Eg skal ha min eigen stad med masse appelsintre, tomater og surfebrett utafor døra, seier ho.

No kjøper ho grønnsakene sine på butikken. Ho fortel at ho ofte handlar på tilbod, men gjerne handlar reindyrka når ho kan. Økologisk mat i Noreg er for dyrt, meiner ho.

LES OGSÅ: Student Yngvild Gearing Wikne jobba seg frå avisbud til boligeier

Heimedyrking er i vinden

Butikkledar på Plantasjen, Christer Hansen, meiner at heimedyrking har vorte meir populært.

– Heimedyrking er veldig i skuddet no. Det er kanskje det hottaste, seier han.

Han meiner grunnen til populariteten kan vere nettopp det økologiske aspektet.

– Folk likar at det er reint og utan sprøytemiddel. Dei har kontroll på kva som er i det.

I ei av dei store pottene til Alexanderson står ei ingefærrot. Ho viser oss at det har vokst ut eit lite skot på den.

– Du kan gro sånne. Du berre set den i ei potte, og så kjem det skot på den, som du ser her. Først la eg den på litt bomull så den fekk ei rot, og så satte eg den her.

Når ho er vekkreist får ho venner til å sjå til plantene.

– Det er jo det fine med kollektiv. Men ellers fins det sjølvvatningssystem som eit alternativ.

Les meir om studentane sine matvanar:

– I helgane er det ofte ein Grandis og ein sekspakning


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE