Då eg var 20: Lars Gule var oppteken av marxismen, anarkismen og fridomssosialisme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Gule har ei doktorgrad i filosofi og er i dag førsteamanuensis ved OsloMet, der han mellom anna underviser om mangfald, ekstremisme og Midtausten.

64-åringen har forska mykje på, og markert seg som ein av Noregs fremste ekspertar, på ekstremisme, radikalisering, fleirkultur og islam.

I 1977, året før Gule starta på utdanninga si ved Universitetet i Bergen, vart han landskjent. Grunnen var at den snart 22 år gamle nordmannen vart teken med sprengstoff i sekken på flyplassen i Beirut, på veg mot Israel. Larvikingen vart dømt til eit halvt års fengsel for «ulovlig besittelse av våpen», men frikjent for forsøk på å begå terror.

Kor var du då du var 20?

Eg var i ferd med å avslutta gymnaset, hadde sommarjobb som jarnbindarassistent på eit større silo-prosjekt i Larvik, og så reiste eg på politisk Interrail-ferie i 1975, mellom anna til Portugal eitt år etter nellik-revolusjonen der. Så vart det sjølvproletarisering som stikningsassistent i ingeniørvesenet i ein dåverande nabokommune til Larvik.

Korleis var kvardagen?

For meg var det viktig å få erfaring frå vanleg arbeidsliv. Eg ville studera og tenkte eg skulle bli journalist, men måtte ut «på golvet» fyrst. Eg var òg politisk aktiv, fyrst i Sosialistisk Ungdom og SV, så som uavhengig sosialist. Samstundes var miljøspørsmåla i fokus for meg.

70-talet var ei tid med mykje politisk uro. Dette biletet frå Beirut 1979 viser palestinske fridomskjemparar frå organisasjonen Fatah . Foto: Wikipedia

Hugsar du kva som skjedde?

Det var ei uroleg tid som kalla på politisk engasjement. Krigen i Vietnam nok slutt det året, medan borgarkrigen i Libanon byrja. Dette sette òg fokus på palestinarane sin situasjon. Det var uro i Latin-Amerika og amerikansk innblanding mange stader – og stormaktsrivalisering med Sovjetunionen. Den internasjonale terrorismen blei me òg kjende med – ulike palestinske grupper sine aksjonar, RAF i Tyskland, Raude Brigadar i Italia, IRA i Storbritannia, ETA i Spania

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las politisk teori og var oppteken av marxismen, anarkismen og fridomssosialisme, og miljøspørsmål. Det blei litt tid til skjønlitteratur òg. Kjell Hallbing sine bøker om Morgan Kane vert slukt. Og Jon Michelet sine kriminalromanar likte eg godt.

Eg var ikkje så engasjert i musikk. Festivalar var ikkje tingen for meg, men eg lytta til litt av kvart, særleg på radio. Det var nok dei politiske visene eg hadde størst sans for.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, faktisk ikkje. Det var ikkje noko eg gjore veldig mykje ut av. Eg trur eg jobba den dagen.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det er nok nett dei politiske hendingane det året – særleg slutten på Vietnam-krigen. Men Watergate-skandalen rulla vidare, Raude Khmer tok makta i Kambodsja og starta sitt terror-regime. Her i landet gjord jarnbane-ulukka ved Tretten stasjon sterkt inntrykk.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, den gongen var eg overtydd om at eg skulle bli ein gravande og avslørande journalist – i folkets teneste.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Det skulle bli studiar etter ein periode «på golvet» og så revolusjonær politisk verksemd som journalist. Elles var framtida open, ho var ljos og mange med meg var overtydde om at store politiske endringar var naudsynte og ville kome. Det ville koma ein sosialistisk revolusjon og me ville få eit betre samfunn, med meir likskap og der me kunne taka meir omsyn til miljøet.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ikkje godt å seie. Kanskje ville eg meine at et var urimeleg optimistisk, at motkreftene til dei radikale perspektiva og vonene var sterkare enn eg då trudde. Men slikt er lett å seie når røyndomen har utfalda og vist seg – slik me såg det i høgrebylja på 1980-talet.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

I ljos av mine seinare røynsler ville eg sagt hald fram som du stemner, men studer og skaff deg kunnskapar. Og det er vel det eg også har gjort.

Les også om 20 år gamle Kjartan Fløgstad, som stod i stram giv akt og presenterte gevær tett på verdshistoria:

Året 1964 var Kjartan Fløgstad i Garden og stod i givakt framfor Slottet. Foto: Privat,Julie Pike/Gyldendal