Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke meldte Al Jazeera om at det over ein periode på tre månadar ikkje var født eit einaste jentebarn i 132 landsbyar i India.

Ingen jentefødslar i 132 landsbyar

Nord i India finn ein distriktet Uttarakhand. Dei siste tre månadane har det vorte dokumentert 947 fødslar i dei 500 landsbyane i distriktet. 132 av landsbyane stod for 200 av barnefødslane. Men i desse vart det berre født guteborn, ifølgje data samla inn av frivillige helsearbeidarar.

BBC har seinare stilt spørsmål ved tala, fordi dei same tala viser at 180 jenter og ingen gutar vart fødd i 129 landsbyar.

Dei siterer òg lokale kjelder som fortel at området ikkje har vore særleg prega av kjønnsdikriminering opp gjennom historia.

Les også: Slik står det til med likestillinga i ditt fylke

Kvinnerettsaktivistar reagerer

Den øvste leiaren i Uttarkhand meiner tala kan vere ei tilfeldigheit, noko som har fått kvinnerettsaktivistar til å reagere.

– Det er fullstendig uhøyrt at det på tre månadar ikkje er født eit einaste jentebarn i så mange landsbyar. Prosessar som ulovlege kjønnsbestemmingar og abortar må ha forekome, seier aktivisten og akademikaren Nivedita Menon til Al Jazeera.

I fjor hadde det folkerike landet eit overskot på 37 millionar menn, noko fleire ekspertar meiner skuldast praksisen med kjønna abortval.

Les også: Kva i all verda skjer med abortinnstrammingane?

Gammal praksis

Sjølv om abortar basert på kjønn har vore ulovleg i India i mange år, held praksisen fram.

Grunnen er at menn har høgare status enn kvinner i den indiske samfunnet. Derfor blir det meir «lønnsamt» for familien å få gutar enn jenter.

I 2018 publiserte ei gruppe forskarar ei studie der dei estimerte at kring 239 000 indiske jenter døydde av unødige årsakar før dei fylte fem år, tidleg på 2000-talet. Studien vart publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet.

Les også: Mammas mors mødre og meg

Høgast dødsrate i nord

Ifølgje forskarane kan det vere så mykje som 2,4 millioner unødige dødsfall blant små jenter i India i tiåret.

Aller høgast dødsrate blant unge jenter fann forskarane nord i India. Der står fire statar for to tredelar av det ein reknar som unødige dødsfall blant jenter under fem år.

Forskarane etterlyser meir kvalitativ forsking for å dokumentere urettferdig fordeling av ressursar og diskriminerande behandling av gutar og jenter i heimen. Dette fordi det vert rekna som ei av hovudårsakene til dødsfalla.

Les også: Menn meiner det er likestilling – kvinner er ikkje heilt samde

Undersøkjer saka

På bakgrunn av dei sjokkerande tala frå Uttarakhand har ministeren for kvinne- og barnehelse i regionen, Rekha Arya, bestilt ein rapport frå dei lokale myndigheitene.

– Eit team av offentlege tenestemenn vil undersøkja saka for å sjå om det har føregått tvungne spontanabortar eller abortar der, seier ho til Al Jazeera.