Fortel norsk kvinnehistorie gjennom formødrene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Illustratør Signe Augusta Iversen Torp vart ein dag ståande føre portrettveggen heime hos foreldra i Oslo. Dei hadde jo alltid hange der, bilda av formødrene på morssida, men no var det akkurat som om dei passa perfekt til eit prosjekt: Ei bok om tid.

Og no er boka her, under tittelen «Babusjka-boka. Mammas mors mødre og meg». Illustratøren har gitt alle dei åtte kvinnene frå portrettveggen ei eiga side, og ved sida av å teikne fram kvinnene – og avslutte med seg sjølv – har ho gitt liv til historiene deira ved å presentere ei rekke fakta frå samtida deira.

Bok om kvinnene

Signe Torp

Biletboka samlar ein portrettserie av ni generasjoner kvinner, der forfattaren sjølv er den niande. Foto: Omnipax

Les du heile boka stig kjensgjerninga fram: Levekåra til kvinner har verkeleg endra seg svært mykje på 250 år.

– Det var mykje som overraska meg då eg las meg opp. For å ta eit døme: Først i 1939 kom det ei lov som sa at det ikkje var lov til å seie opp kvinner fordi dei gifta seg, seier Torp til NTB. Ho legg til:

– Dette skulle vere ei bok om kvinnene. Sjølvsagt var det meir dokumentasjon å finne om mennene deira, men heldigvis hadde eg eit stor brevmaterial å lene meg på.

Har du lyst til å vere med på kåringa av dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene? Her finn du ut korleis.

Tidsbilde

Boka startar med kvinna som er Torps tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor: Elisabeth Von Mevius, fødd i Sverige i 1740.

– I levetida hennar fekk Noreg si eiga grunnlov, men den var ikkje spesielt kvinnevennleg. Kvinner fekk ikkje avgjere over eigen økonomi og dei var umyndige heile livet, seier Torp.

Signe Torp

Ei av formødrene til Signe Torp illustrert med medaljongen som Signe sjølv berer i dag. Illustrasjon: Silje Torp

Elisabeth kom frå ein overklasseheim, men då ho gifta seg med ein oberst vart det eit liv med mykje flytting. Paret fekk heile 10 barn, der tre av dei døydde unge, fortel illustratøren – som legg til:

– Eg fann ikkje mange dokumenta om henne, men eg fann ut at ho vart enke og at ho budde dei siste åra sine saman med ei av døtrene – som etter det som blir sagt, skal ha vore galen.

Illustratøren har vore opptekne av at portretta skal vere tidsbilde og lèt kvinnene på boksidene figurere i tidsmessige klede. Tapet og gjenstandar seier vidare mykje om epoken, og Torp har tillate seg å teikne inn gjenstandar som framleis er i eige i familien, som eit maleskrin, ein tallerkenserie – og eit smykke.

– Smykket følgjer alle kvinnene. Eg har arva det frå mormor men veit dessverre ikkje kor gammalt det er.

Les også: – Unnskyld, mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

Levde med tragediar

Les ein «Babusjka»-boka veks det fram eit sørgjeleg faktum: Alle av kvinnene som levde før Signe og mora hennar, opplevde alle veldige tap. Barnedødelegheita var høg og fleire av dei mista ein forelder mens dei var svært unge.

– Tragediar var ein del av kvardagen, seier Torp. Som samtidig understrekar at mange av formødrene hennar var betre stilt enn mange.

Tragediar var ein del av kvardagen

– Men fleire av dei opplevde å gå frå stor rikdom til svært tronge kår. Ta Ebba, som vart fødd i 1798: Som prestefrue kunne ho flytte inn i ein staseleg bustad – der heile 12 barn kom til verda. Men Ebba mista etter kvart fem av barna sine, og til slutt òg ektemannen. Livet vart så tøft at ho gjekk store omvegar dersom ho såg presten i bygda. For henne representerte han ein mann som kom med dødsbodskap.

Å bli enke betydde for Ebba at ho vart utan pengar. Dermed måtte ho ta med seg barna sine og flytte inn i ei lita eittromsleilegheit. Leilegheita måtte dei i tillegg dele med ei tante og venninne, fortel illustratøren.

250 års kvinnehistorie og samfunnsutvikling er no fortalt i ei biletbok av Signe Augusta Iversen Torp. Boka rettar seg mot både ungdom og vaksne, og viser på leikent vis korleis kvinner sine levekår har endra seg – frå generasjon til generasjon.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Les også reportasjen om Olaug Nilsen, og korleis ho motbeviste både seg sjølv og litteraturvitskapen.

Tøffe økonomiske tider

– Eg ser at mange av formødrene mine var kreative, og det er jo spesielt for meg å sjå at fleire av dei måla. Andre igjen prøvde å bidra i tøffe økonomiske tider ved å selje broderi. I 1842 fekk enker, ugifte og skilde kvinner over 25 år rett til å drive med handel med innanriksvarer.

Livet vart så tøft at ho gjekk store omvegar dersom ho såg presten i bygda.

– Men først i 1894 kom lova som gjorde at gifte kvinner fekk lov å drive med handel, seier Torp, som håpar boka hennar vil nå breitt ut.

– Kanskje kan ho inspirere fleire til å granske liva til dei som gjekk før oss? Og då særleg kvinnene, som ofte står litt i skuggane. Mange vil nok sende takknemlege tankar bakover i slekta når dei finn ut meir. Vi er der vi er i dag på grunn av strevet deira. Vi lever faktisk i forlenginga av alt dei gjorde, avsluttar Torp til NTB.