Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan gjennomsnittskvinna i Finnmark tener 80 prosent så mykje som den mannlege finnmarkingen, tener Kari frå Rogaland berre 62 prosent av det Ola Rogalending gjer.

Dette er noko av det me kan lesa av den oppdaterte statistikken for likestilling som Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram måndag. I landet sett under eitt tente norske kvinner i gjennomsnitt 68,7 prosent av bruttoinntekta til mennene i 2016 – ein auke frå 66,7 prosent i 2015.

Auken skuldast at gjennomsnittleg bruttoinntekt for norske menn gjekk med nesten sju tusen kroner i året, frå 530.100,- til 522.900,-, etter fallet i oljeprisen.

Forskjellane i inntekt mellom kjønna er minst i dei «fattigaste» fylka. I dei rikaste fylka er det i stor grad mennene som tar ut fortenesta: Medan kvinner i Rogaland i gjennomsnitt tener 8.000 kroner meir enn søstrene deira i Finnmark, tener mennene i oljefylket 142.000 kroner meir enn brørne lengst mot nord.

Oslo og Akershus er dei einaste fylka der kvinner har ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på over 400.000 kroner.

Her ser du korleis fordelinga er i kvart fylke:

Kjønnsbalanse på skulen

SSB har òg tal på graden av kjønnsbalanse i utdanningsprogram i vidaregåande skule. Her peikar Oslo og Akershus seg ut som fylka med klart best kjønnsbalanse i klassane, medan Finnmark hamnar i motsett ende av skalaen:

Menn bestemmer

Ein annan indikator SSB har sett på, er kor god kjønnsbalansen er blant lokalpolitikarane i landet. Mennene er i fleirtal i alle fylke, men skeivfordelinga er størst i Telemark og minst i Akershus og Nord-Trøndelag:

 

Fleire tal for ditt fylke og din kommune finn du på SSB.no.