Ni av ti universitet ikkje i nærleiken av å oppfylle mållova
Ni av ti universitet er langt unna å oppfylle kravet om bruk av begge målformer. Verst står det til med nynorskbruken ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ferske tal frå Språkrådet, skriv Khrono.
Mållova seier at begge målformer skal vere representert med minst 25 prosent hos sentrale statsorgan.
Universitetet Sør-Noreg på jumboplass
Når det gjeld kategorien lengre tekstar, ligg Universitetet i Søraust-Noreg (USN) på 15 prosent. Men på nettsider og i sosiale medium er delen heilt nede i høvesvis 2,1 og 2,6 prosent.
Det finst ingen gode unnskyldningar for den språklege svikten, seier USN-rektor Petter Aasen.
– Men det finst nokre forklaringar. Vi er under eit dobbelt press frå styresmaktene med kravet om 25 prosent nynorsk og å ta vare på norsk fagspråk samla sett, samtidig som vi blir oppmoda til å styrke dei engelskspråklege tilboda, seier rektoren.
Les også: NTNU er nynorskversting – igjen
UiB best i klassa
Universitetet i Bergen har 23,1 prosent nynorsk på nettsidene og heile 27,9 prosent i sosiale medium.
Utanom dette har universiteta ein nynorskdel på under 10 prosent på nettsidene sine. Det betyr at berre eitt av ti universitet er i nærleiken av å innfri lovkrava til veksling mellom målformene, skriv Khrono.
Oslomet er det einaste universitetet som ikkje har rapportert tal for språkbruk.
Les også: Åtvarar mot mangel på journalistar som skriv nynorsk: – Skuffande og alvorleg