322 ledige studieplassar i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at hovudopptaket er klart, legg Samordna opptak ut ledige studieplassar på norske høgskular og universitet. Fredag 19. juli vart lista publisert, slik at studentane har éin dag til å sjå kva for studiar dei kan tenke seg å søke på.

Frå og med 20. juli klokka 9 er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Det vil seie at du bør søke så raskt som mogleg for å vere sikra plassen du ønsker.

– Det er 322 ledige studieplassar spreidd over heile landet, seier Seniorrådgivar Natasha Harkness i Samordna opptak i Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) til NTB.

  • Klarar du ikkje bestemme deg, og treng litt yrkesinspirasjon? Ver så god.

– Bør søke så fort som mogleg

Både historie, grunnskulelærar, ingeniørstudiar og teologi finst på lista over ledige plassar.

– Det er veldig mykje ulikt, det var det i fjor òg. Ein finn kanskje ikkje studiet ein har drøymt om, men eg tilrår folk å setje seg inn i lista i dag og kikke litt på nettsidene til lærestadene som tilbyr plassane. Så bør du søke så fort som mogleg frå klokka ni laurdag morgon, seier Harkness.

Alle kan søke på plassane, føresett at opptakskrava er dekte, og at riktig dokumentasjon er klar til opplasting. Det er mogleg å søke på inntil ti studieplassar. Du kan få tilbod om alle ti, men du kan berre takke ja til eitt tilbod.

L-innsikt nr. 7