Klimaendringar kan føre til sjukdomsspreiing

Forskarar trur klimaendringar kan gjere at myggen tek med seg mellom anna zikavirus, denguefeber og malaria til Europa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaendringar gjer at myggen vil trivast betre i Europa, og det kan føre til smitte av dødelege sjukdomar, skriv Nationen. Insektforskar Hans Jørgen Overgaard ved NMBU meiner høgare temperaturar vil føre til større utbreiing av myggen.

– Får vi høgare temperaturar vil myggen kunne leve lenger og parasitten i myggen utvikle seg fortare. Det er heilt klart at varmare vêr vil gi betre vilkår for malaria og dengue både i område som ligg høgare over havet, og på nordlegare breiddegrader, seier han.

Han seier òg at ekstremvêr gir betre levevilkår ved å gi betre klekkeforhold.