Populært blant ungdommar å ha fiske som sommarjobb
Over 300 ungdommar over heile landet har i år registrert seg hos Fiskeridirektoratet via ungdomsfiskeordninga, og har fiske som sommarjobb. Det er ny rekord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år moglegheit til å drive fiske som næring i sommarferien. Samanlikna med 2018 er det ein auke på over 50 prosent.
Knapt 18 prosent av dei som har fiske som hovudyrke er under 30 år, så målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) er derfor veldig fornøgd med at såpass mange ungdommar har valt å prøve fiskaryrket i sommar.
- Får du det du har rett på i sommarjobben? YS meiner dei over 18 år bør tene minst 134 kroner i timen.
– Treng fleire unge fiskarar
– Sommarjobb er ofte det første møtet mange ungdommar har med fiskerinæringa. Her kan dei tene feriepengar ute i fantastisk natur og frisk luft. Ungdomsfiskeordninga er ein viktig arena for rekruttering, og vi treng både fleire unge fiskarar og fleire kvinnelege fiskarar, seier Nesvik.
Han peikar på at sjømatnæringa er viktig for framtida vår og at det er viktig at fiskaryrket klarer å rekruttere ungdommar for at Noreg skal få den framtidsnæringa som er ønskt.
Ungdomsfisket kan drivast med stong, handsnøre, juksemaskin, garn med ei samla lengde på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teinar eller ruser.
- Les også intervjuet med Malin (28) som skal verte styrmann: – Det følast naturleg å arbeide i eit mannsdominert yrke
Flest i nord og vest
Totalt viser tala frå Fiskeridirektoratet at det er registrert 309 ungdommar som ungdomsfiskarar. 100 av desse er frå region nord, deretter følgjer region vest med 85 fiskarar.
Dei ungdommane som deltok i ordninga i 2018, fiska til saman meir enn 115 tonn fisk og sjømat, noko som hadde ein fangstverdi på meir enn 5 millionar kroner.
Ordninga varer frå 17. juni til 9. august 2019 og gjeld alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
- Les også om 15 år gamle Maria som er fast bestemt på å verte fiskar: – Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det»