Politiet bekymra over «promillegambling» til sjøs: – Vent med ankerpilsen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser veldig mykje, spesielt i helgane, at folk gamblar på promillegrensa. Vi stoppar veldig mange som har oppunder grensa på 0,8 i promille, seier politibetjent Øyvind Holm i sjøtenesta i Oslo politidistrikt.

NTB er med han ut på patrulje i Oslofjorden, og i dette området er 23 personar tatt for promillekøyring så langt i sesongen. I endå fleire tilfelle har folk fått åtvaringar fordi dei nærma seg grensa.

– Veldig mange vi stoppar, ligg på mellom 0,2 og opp til 0,7-0,8 i promille. Då kan du fort vippe over. Det er ingen som får ein promille på over 0,8 ved å ta seg éin øl, men vi oppmodar faktisk alle båtfolk til å la alkoholen vere så lenge du ferdast på fjorden, seier Holm.

Han meiner rett og slett at folk bør vente med å sprette pilsen til båten er fortøya.

– Vi ber folk vente til dei har fått ankeret i botn og ikkje skal køyre meir den dagen. Då kan du ta ankerpilsen. Det har vi meir sansen for, seier politibetjenten.

– Tull og tøys

Han understrekar at det er lov å ta seg ein øl eller to, men at politiet ikkje oppmodar til å gjere det.

– Det å gamble på promillen kan føre til at du får store bøter på grunn av tull og tøys, åtvarar Holm.

Stort sett opplever han at folk oppfører seg fint og held seg edru på sjøen. Men nokon prøver å underdrive kor mykje dei drikk.

– Mange seier «eg har tatt éin eller to øl, eller eitt glas kvitvin». Men vi oppdagar jo at dei kanskje bløffar, fordi promillemålaren viser noko anna.

Politibetjent Øyvind Holm i sjøtenesta i Oslo politidistrikt åtvarar mot å gamble med promillegrensa til sjøs. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix.

Forskjell frå bil

Ei undersøking Respons Analyse har gjennomført for organisasjonen Av-og-til viser at nordmenn ikkje tar fyllekøyring på sjøen på like stort alvor som med bil.

64 prosent av dei spurde seier dei ville unngå å sitje på om dei visste at føraren av ein bil hadde drukke alkohol, medan berre 49 prosent svarer at dei ville unngå å sitje på om ein båtførar hadde gjort det same.

Båtføraren har drukke ein øl. Sit du på?

Båtføraren har drukke ein øl. Sit du på?

Ja. 9
Nei. 2
Veit ikkje. 1
Ja, men ikkje om han drikk fleire.3
Svar totalt: 15

 

– Det er kanskje ikkje så rart at vi steller oss ulikt til drikking i båt versus bil, i og med at det er ulike promillegrenser. Likevel er det nok mange som undervurderer faren knytte til drikking på båt, sa generalsekretær Randi Hagen Eriksrud i alkovettorganisasjonen Av-og-til førre veke.

Utrekningar gjort av Transportøkonomisk institutt viser at det er farlegare i ein fritidsbåt enn i ein bil om ein måler talet på drepne per time brukt til aktiviteten. Av dei som døydde i småbåtulykker i fjor hadde ein tredel drukke alkohol.

Høg promille

Det vankar høge bøter for dei som bryt promillegrensene. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix.

Ute på fjorden fortel politiet at dei jamleg møter folk som har inntatt ei farleg mengde alkohol.

– I helga hadde vi éin med promille på mellom 1,6 og 1,9, seier politibetjent Holm.

Då kan det fort svi. Har ein over 1,8 i promille, ventar det vilkårslaus fengsel og store bøter. Og alle med over 1,5 i promille får såkalla sperrefrist og blir nekta å køyre båt i eitt år.

For mindre alvorlege promillebrot, vankar det bøter – ofte på fleire tusen.

– Det er mykje som speler inn på storleiksnivået på bøtene: Var det mørkt? Var det noko farleg med køyringa? Var det mykje trafikk? Dårleg sikt? Vêr? Var båtføraren ein fare for seg sjølv eller andre, forklarer politibetjenten.

Og om nokon er usikre på promillegrensene til sjøs, så er dei altså slik:

  • 0,8 for båtar som er mindre enn 15 meter lange
  • 0,2 for båtar som er 15 meter lange eller meir.

 

Når framtida er på besøk har Line Jensby Andorsen golvplassen for seg sjølv. Men ho deler båten med sambuaren, og annakvar veke bur to av borna hans der. Foto: Beate Haugtrø