«Me har ingen å miste»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redaktør i Vest-Telemark blad, Øystein Øygarden, vonar dei slepp ein ny episode der unge menneske mistar livet som følgje av køyring med promille. Foto: privat

– Folk er meir redde for å miste lappen enn å ta livet av folk. Det er bekymringsfullt at dei ikkje ser utover dei egoistiske konsekvensane, seier redaktør i Vest-Telemark blad Øystein Øygarden.

I samband med kjøpefesten Black Friday gav lokalavisa i går ut ei temaavis med både redaksjonelt innhald og reklame, som vart lagt i postkassar i heile dekningsområdet.

Dødsulukke rysta lokalsamfunnet

Årets avis har fått tematittelen «Me har ingen å miste» og set fokus på eit viktig samfunnsproblem, som diverre har vorte høgaktuelt i lokalsamfunnet

Natt til 15. juli i år vart Fyresdal skaka av ei dødsulukke der to båtar kolliderte og ein 21 år gamal mann omkom. Etter tragedien skreiv mor til Knut Aslakson Momrak eit brev til politet, som vart publisert i ein ny versjon i både Vest-Telemark blad og Varden.

Her tek ho eit oppgjer med haldningane knytt til promillekøyring og manglande nærværet frå politiet etter at det lokale lensmannskontoret vart lagt ned.

– Når ei mor klarar å mobilisere så mykje styrke, vil me gjerne bidra. Me kan ikkje endra haldningar åleine, men kanskje ein kan gjera ein liten del, seier redaktøren.

Les også: Pris til tenåringskampanjen «GRL PWR» for å førebyggje trafikkulukker

Faksimile av forsida til Vest-Telemark blad si gratisavis torsdag 22. november 2018.

Fjernt politi

Lokalavisa har mellom anna snakka med ein prest om å overbringa dødsbodskapen, med folk som har gjort eit dårleg val og fått vere med politiet på patrulje, der dei vart omdirigert til meir befolkningstette område.

– Politiet lokalt er på ballen og ser dei store utfordringane, men det er vanskeleg å nå ut. Ho som er lensmann her har ansvar for 24 prosent av heile det geografiske området som utgjer Sør-Aust politidistrikt, forklarar avisredaktøren.

Sjå bladfykane i Vest-Telemark blad teste promillebriller:

Bygdefenomen

Øygarden meiner problemet med sjåførar som set seg bak rattet i rusa tilstand ikkje er noko nytt problem, eller at det er spesielt for hans region.

– Det er grunn til å tru at det er verre på bygdene med dårleg kollektiv- og drosjetilbod, så kjem dårlege haldningar på toppen av dette.

– Kven er dei som set seg bak rattet?

– Menn. Det er det enkle svaret, anten dei er unge eller vaksne. Jenter og damer er heilt sikkert dei som bergar mange situasjonar, så det er ikkje likestilling på dette området.

Sei ifrå!

Avisredaktøren håpar at både dei som køyrer og dei som står rundt kan verte meir bevisste i framtida, slik at det vert meir akseptert å seie ifrå – anten dei tek bilnøklane eller ringjer politiet.

– Som ei seier i avisa, det er vanskeleg å seie ifrå, men alternativet er mykje vanskelegare, understrekar Øygarden, som ikkje vil sleppe fokuset på denne viktige saka.